Elvestuen vil vere først ute med utsleppsfrie hurtigbåtar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elleve fylkeskommunar har gått saman om å redusere utsleppa frå hurtigbåtane langs kysten. Tysdag fekk dei overlevert innovative forslag til utsleppsfrie hurtigbåtar frå fem konsortium.

Les også meiningsinnlegget: – Politikarar, grip sjansen til å svare elevane: Fossilfrie regionar innan 2030!

Kan vera på sjøen i 2022

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier Noreg skal vere først ute med å ta i bruk den nye løysinga, skriv NRK.

Ola Elvestuen, Venstre, Oslo. Foto: Stortinget

– Vi skal vere det landet som først tek i bruk utsleppsfrie hurtigbåtar, og vi skal gjere det i stor stil. Dette er viktig, og staten vil støtte det mellom anna via Enova, seier han.

Det første nullutsleppsfartøyet kan vera på sjøen i 2022.

Samla utslepp frå hurtigbåtar var om lag 150.000 tonn Co₂ i 2016, og kvart år bruker hurtigbåtane 86 millionar liter diesel.

Les også: Fire snøggbåtar på Vestlandet forureinar like mykje som 200 bussar

«Admiralen» på veg ut frå Bergen hamn. Illustrasjonsfoto: Pascal Volk / Flickr / CC BY-SA