Ung politikar: Harald (25) frå Haugesund Høgre

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg elskar byen min, og meiner det er eit stort ubrukt potensial i Haugesund som må fram, fortel Harald Larssen Lønning i ein e-post til Framtida.no.

25-åringen er ordførarkandidat for Høgre i Haugesund og trur han er rette mannen til å utnytte mogelegheitene i heimkommunen. Han ynskjer å syne mangfaldet i næringslivet, karrieremogelegheitene, kulturlivet, frivilligheita og idretten, slik at det ikkje er noko tvil:

– Det finst ikkje ein betre stad å vere enn i Haugesund. Vi må berre bli flinkare å fortelje det til kvarandre, og til alle som lurer på om dei skal «flytta him», eller besøke byen.

Den maritime hovudstaden

Kystkommunen Haugesund er regionssenteret på Haugalandet, og Lønning skildrar heimstaden som ein ung og vakker by.

– Klar for nye eventyr, utvikling og eit aldri så lite strøk måling, fortel ordførarkandidaten og legg til:

– Haugesund er også den maritime hovudstaden, som alltid har levd av havet og er best i verda på å utnytte mogelegheitene havet gjev oss.

Kystkommunen Haugesund har mykje av næringslivet knytt til naboen: havet. Foto: Sergey Ashmarin/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Men endå kommunen ligg ved havet og har bygd seg opp ved hjelp av ressursane, så har den maritime næringa også nokre utfordringar: Klimagassutslepp.

– Næringa står for nesten 60 prosent av utsleppa våre. Desse må ned ved hjelp av landstraum og nye teknologiske vinnngar dei komande åra. Heldigvis er regionen vår også ein av verdas beste på dette området, forklarar Lønning.

Teknologioptimist

Harald Larssen Lønning håpar partiet når ungdomen med å syne til eit program som tek nettopp klimautfordringane på alvor. Han fortel at Haugesund Høgre ynskjer å kutte CO2-utsleppa med 50 prosent innan 2030 og skapa nye grøne arbeidsplassar på Haugalandet.

Sjølv skildrar ordførarkandidaten seg som ein teknologioptimist, og meiner ein i stor grad bør bruke gulerot, ikkje pisk, for å sikre at Noreg når klimamålsetjingane sine.

– Samstundes skal kommunen gå føre som eit godt eksempel med å teste ny teknologi og setje tydelege krav i anboda, fortel Lønning.

Han trekker fram at hans eige parti ynskjer å få på plass klimaregnskap og ein ny handlingsplan med målbare kriterium som skal følgast opp ved kvart budsjett slik at utsleppa går i riktig retning.

Samstundes vil Lønning få på plass ein dugnad med næringslivet slik at flest mogeleg privat verksemder også arbeider utfrå berekraftsmåla til FN.

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Sveinung Rotevant (V) meiner kommunane må bruke heile kommunebudsjettet som klimaverkemiddel. Foto: Venstre/Flickr/CC BY-SA 2.0

Harald Larssen Lønning

Alder: 25

Yrke: Kommunalråd

Parti: Høgre

Kommune: Haugesund