Stortingspresidenten opna Barnevalet på Eidsvoll

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før valurnene opna måndag morgon, møtte stortingspresident og eidsvolling Tone Wilhelmsen Trøen (H) to elevar frå 6. klasse på Eidsvoll Verk skule.

Stortingspresidenten møtte sjetteklassingane i salen der Riksforsamlinga 17. mai 1814 underteikna Noregs grunnlov. Skuleklassen fekk vere med på opninga av dei digitale stemmeurnene ved valet arrangert av Redd Barna og Nordic Screens.

– Meir opptatt av skule og miljø

Hanna Bøhnsmoen (10) og Leona Hallonen-Jensen (10) fortel at dei den siste tida har lese seg opp på partiprogramma til dei ulike partia i kommunen.

Dei to sjetteklassingane seier dei skulle ønske at 10-åringar hadde stemmerett i Noreg, og trur at valresultatet ved valet deira blir litt annleis enn ved valet til dei vaksne.

– Vi er nok litt meir opptatt av skule og miljø. Dei vaksne er òg opptatt av det, men dei gjer ikkje så mykje for miljøet. Det er dumt, fordi viss vi ventar, så blir det berre dyrare og meir styr, og vi får kortare tid til å gjere noko med miljøet, seier Bøhnsmoen.

Hanna Bøhnsmoen (10) og Leona Hallonen-Jensen (10) i 6. klasse på Eidsvoll tar ein selfie saman med initiativtakar og programleiar Stian Barsnes Simonsen og stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) før opninga av dei digitale stemmeurnene ved Barnevalet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Ordførar: – Viktige tilbakemeldingar

Ho, Hallonen-Jenssen og rundt 50 medelevar røysta måndag morgon. Når dei digitale «stemmeurnene» stengjer 5. september klokka 16, blir stemmene talde. Dagen etter blir valresultatet presentert.

Då kjem òg Eidsvoll-ordførar John-Erik Vika (Sp) tilbake til Eidsvollsbygningen. Ordføraren er spent på om han vil få halde fram å bere ordførarkjeda om barna i kommunen får bestemme.

– Det viktigaste med Barnevalet er å lytte til det barna kjem med. Uansett kven som skulle bli ordførar blant barna, så er det viktige tilbakemeldingar frå barna som vi skal ta med oss, seier han.

Det er ikkje sikkert at ordførar i Eidsvoll kommune John-Erik Vika (Sp) får behalde ordførarkjeda når barn frå 5. til 10. trinn skal bestemme. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

– Alle stemmer skal høyrast

Elevane ved Eidsvoll verk skole brukte eit nettbrett til å stemme ved Barnevalet. Arrangørane håpar at minst 100.000 barn vil stemme ved valet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Barnevalet vart arrangert for første gong i 2017. Då røysta 60.000 barn. I år er målsettinga 100.000 stemmer på landsbasis. Ved lokalvalet i år kan barna stemme på alle dei store nasjonale partia i kommunane der dei stiller til val, i tillegg til lokale lister som fekk over 20 prosent oppslutning ved førre lokalval.

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen meiner prosjektet er godt, og at det er viktig at også barn blir invitert til å stemme og lære om demokratiet.

– Det gjer at dei får ein god vane med å stemme ved val. Det er jo òg dette vi arbeider for – at alle stemmer skal høyrast – slik at vi har eit reelt folkestyre i Noreg, seier Trøen.

Vil at fleire skal delta

Sjølv om ikkje barn har stemmerett, har dei ei stemme og ein lovfesta rett til å bli høyrt. Det siste året har mange norske barn heva nettopp stemma og skulestreika for klimaet. Samtidig har valdeltakinga vore dårleg blant unge vaksne og andregongsveljarane dei siste åra.

Stortingspresidenten seier at ho framover vil sjå på korleis stemmeretten kan reformerast, slik at fleire deltar.

– Nokre meiner løysinga er å senke stemmerettsalderen, andre meiner vi kanskje må stemme på andre måtar. Eg trur at mange unge i dag synest det er rart at ein ikkje kan stemme digitalt, men vi må ta desse diskusjonane og debattane, seier Trøen.

To elevar i 6. klasse på Eidsvoll verk skole stemmer på ein iPad i Eidsvollsbygningen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

– Ekspertar på eigne liv

Generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna meiner det er viktig at barn tidleg får opplæring i korleis valsystemet er bygd opp, og korleis dei kan vere med på å påverke og bestemme.

– Det er viktig at stemmene til barn blir lytta til og tatt på alvor. Barn er ekspertar på eigne liv og har store føresetnader for å kunne meine mykje om viktige samfunnstema, om dei blir presenterte for dei på ein forståeleg og engasjerande måte, seier ho.

Det er viktig at stemmene til barn blir lytta til og tatt på alvor

Målet med prosjektet er å styrke demokratiet, seier initiativtakar og programleiar Stian Barsnes Simonsen.

– Det viktigaste for oss er at barn skal føle seg sett og høyrt. Ein annan ting er at om du har stemt annakvart år frå du er ni år, så sluttar du ikkje med det når du blir 18 år, seier han.

Han strekar under at prosjektet ikkje er eit forsøk på å lure barna til å tru at dei faktisk har stemmerett, men at det handlar om å lære barn om korleis val fungerer og å motivere dei til å engasjere seg i samfunnet.

Desse ni valekspertane skal sørgje for at politikarane pratar barnevenleg fram mot lokalvalet. Foto: Bente Kjøllesdal