Det blir planta stadig fleire tre i Noreg
I fjor leverte planteskular i Noreg 40,2 millionar tre, noko som betyr at skogplantinga har vakse med 30 prosent dei siste fem åra.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Interessa for å plante skog i Noreg veks sterkt, skriv Nationen. I 2013 vart det planta om lag 28,5 millionar tre i Noreg, medan det tilsvarande talet for 2018 er 40,2 millionar.
– Målet med skogplanteforedlinga er i første rekke å auke skogproduksjonen og verdiskapinga i skognæringa, men auka vekst gir òg auka binding av CO2. Det er eit ønske både frå politikarar og frå skognæringa at det skal plantast endå meir skog i Noreg i åra framover, seier dagleg leiar Frode Hjort i Skogfrøverket på Hamar.
Les også: I Noreg plantar vi fleire tre, men i Amazonas står regnskogen i full fyr.
– Ein fantastisk ressurs
Det er suverent mest grantre som blir leverte frå planteskulane. Av dei 40,2 millionane tre som vart leverte i fjor, var 39,1 millionar gran, 600.000 var furu og 400.000 var andre treslag.
– Skog er ein fantastisk ressurs for CO2-binding, som råstoff for verdiskaping og for det biologiske mangfaldet, seier frøplantasjeforvaltar Marte Friberg Myre i Skogfrøverket.
Les også: Miljøvenleg å ha det grønt heime? Ikkje alltid
