Regjeringa vil lage ein eigen handlingsplan mot muslimhat

Ein eigen nasjonal handlingsplan skal bidra til å førebyggje og hindre diskriminering og hat mot muslimar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 16.09.2019 11:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa har diskutert om tiltaka skal vere del av ein breiare handlingsplan om rasisme og diskriminering, som skal leggjast fram i haust. Men kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) har ivra for å få ein eigen plan mot muslimhat.

Trygge på gata og i moskeen

Spørsmålet kom høgt på dagsordenen etter moskéangrepet i Bærum nyleg.

– Det trengst meir kraftfulle tiltak mot muslimfientlegheit. Vi må sørgje for at folk føler seg trygge på gata og trygge i moskeen. Derfor er eg glad for å legge fram ein handlingsplan mot diskriminering og hets av muslimar, seier Grande.

Regjeringa vil involvere frivillige, lag og foreiningar i arbeidet med planen, opplyser Kulturdepartementet i ei pressemelding.

For tre år sidan la regjeringa òg fram ein eigen handlingsplan mot antisemittisme.

Les også Camilla Ahamath sitt innlegg om 17.mai: – Ikkje ver taus i morgon viss du ser eller opplever at nokon blir sjikanert

Kva synest du om den nye lova?

Kva synest du om den nye lova?

Bra0
Dårleg6
Veit ikkje3
Svar totalt: 9