Lys frå ovan gir norske kyrkjer miljøvennleg energi og overskot

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi leverer to tredelar av krafta som blir produsert til Lyse, så naboane våre får ekstra velsigna straum, seier kyrkjeverje Trond Hjorteland til Stavanger Aftenblad.

Noregs første kyrkje med solcelletak er eit lafta byggverk frå 1874, trekkfullt og bevaringsverdig, med høgt gjennomsnittleg straumforbruk – ikkje ulikt mange andre av Noregs 1.620 kyrkjer, av dei har 1.000 vernestatus.

Først i landet, men ikkje den siste

– Vi var først i landet, men det kjem mange fleire framover. Solkraft er ein viktig del av energimiksen i framtida. Dei gamle kyrkjene ligg gunstig til, på høgdedrag og med sørvende tak, sidan alteret alltid vender mot aust. Her kan DNK (Den norske kyrkja, red.anm.) gjere konkrete tiltak som monnar for klimaet og gir god økonomi, meiner Hjorteland.

Pilotprosjektet Strand kyrkje bytte ut skiferhellene på det sørvende taket med blanke solceller som ser ganske like ut på avstand. I teorien skal dei forsyne kyrkja med 22.000 kilowattimar straum kvart år, og i fjor vart det 25.000 kilowattimar. Med grep som isolert loft, nye vindauge, varmepumpe og ledpærer er det meir straum enn Strand treng.

Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder (KA) har evaluert pilotprosjektet på Tau og konkludert med at ikkje alle kan få solceller, og at det trengst objektive kriterium som både tar omsyn til identiteten til bygget og den visuelle verknaden i miljøet.