Dyrevelferd i landbruket handlar om framtida til planeten vår


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Først publisert på Komposten.no.

Den nye grøne revolusjonen, den eg skriv om i jordbøkene, dreier seg ikkje berre om måten me behandlar molda og dyrkar plantane våre på. Den handlar om mennesket si rolle i naturen, og om korleis me vurderer og handlar i forhold til dei skapningar me deler denne planeten med. 

Denne sommaren fann eg den gamle hanen vår, Hentur, daud i hagen. Han blei 10 år gamal. Fram til det siste var han aktiv og heldt full kontroll på flokken av islandshøns. Kalla på dei andre når maten kom, varsla med tydeleg røyst kvar gong hauk, ørn eller andre farar nærma seg. Det feila han aldri noko, men det å vera sjefshane tok på eit aldrande hjarte. Denne dagen slutta det å slå.

Det var tungt å leggja den daude kroppen under torva. Mange og gode minne frå det siste tiåret for forbi – minne om tett samspel mellom dyr og menneske. Han var som ein trufast hund denne hanen, kom når me ropte på han, åt av neven, sat på fanget til og med.

 

Dag Jørund Lønning er professor på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Foto: privat

Samtidig var det godt å kjenna på, der eg la torva tilbake, at han har hatt eit godt, fritt og langt liv. At han på mange vis trekte vinnarloddet. Då samanlikna med millionar og milliardar av sine artsfrendar. Dei aller fleste høns og kyllingar i dag lever berre veker eller månader. Dei lever på eit absolutt minimum av plass, og utan noko sinne å sjå blå himmel eller grønt gras. Og dei deler lagnad med milliardar på milliardar av andre husdyr verda over, levande, individuelle vesen innestengde i det den engelske filosofen David Cooper kallar eit evigvarande Treblinka.

 

Etter den fæle, men uhyre viktige, dokumentaren om korleis grisar blir behandla også her heime, har me fått ein begynnande offentleg debatt om dyrevelferd. Denne debatten er frykteleg vanskeleg, men det er avgjerande for vår og planeten si framtid at den får utvikla seg og modna. I starten vil mange røyster forsvara eigen posisjon og eigne næringsinteresser: «Jo, dette er vel og bra, men andre er jo så mykje verre enn oss! Så kvifor skal me endra oss når dei andre ikkje gjer det?» På fagspråk kallast denne reaksjonen «allmenningens tragedie» : ein er klar over at endring er nødvendig, men endrar likevel ikkje eiga åtferd fordi ein er heilt overtydd om at andre/konkurrentar ikkje kjem til å gjera det.

lenge denne haldninga dominerer, skjer inga reell endring. Over tid må me likevel håpa at eigeninteresse lyt vika. For denne debatten handlar sjølvsagt om noko uendeleg mykje større. Den handlar om vår overleving på denne planeten. Fleire hundreår med totalt menneskeleg herredøme og brutal undertrykking over alt anna levande, har ført oss til kanten av avgrunnen. Klimaet kollapsar, det biologiske mangfaldet kollapsar. Det same gjer distriktslandbruket og matjorda.

Absolutt ingenting tyder på at den noverande modellen me styrer etter – forbrukarsamfunn og industrilandbruk – vil føra til anna enn vårt felles fall ned i denne avgrunnen.

Foto: Colourbox.com

Ein nasjon sitt moralske verde kan bedømmast etter korleis den vurderer og behandlar sine dyr, sa Mahatma Gandhi. Heller ikkje me, verdas såkalla rikaste land med absolutt alle føresetnader for å liggja milevis framfor dei fleste andre, har i så fall så veldig mykje å skryta av. Den amerikanske forfattaren og menneskerettsaktivisten Alice Walker utfordrar våre noverande praksisar endå meir: «Dyra i verda har eigenverdi og eksisterer i kraft av seg sjølve. Dei blei ikkje skapte for å bli utnytta av menneske, like lite som at svarte menneske blei skapte for å bli utnytta av kvite eller kvinner av menn».

Pr i dag er me milevis frå å svara på denne moralske utfordringa. Det tradisjonelle svaret, som eg ser at veldig mange næringsaktørar, landbruksjournalistar og næringspolitikarar prøver seg med denne gongen og – at dyr ikkje er menneske – er ikkje anna enn det me gjerne kallar ein «tautologi». Med andre ord; påstanden er logisk sann frå eit menneskeleg perspektiv, men slett ikkje sannare enn at fisk ikkje er insekt eller at blomkål ikkje er elg. Det følgjer ingen moralsk legitimitet med tautologiar. Kvite har undertrykt svarte i fleire hundreår, menn har undertrykt kvinner i tusenar av år, og menneske har undertrykt dyr i hundretusenar av år. All denne undertrykkinga har vore basert på våre eigenproduserte kulturelle konstruksjonar. Den moralske legitimiteten eksisterer rett og slett ikkje.

Og den finn me sjølvsagt heller aldri. At dei ymsande overordna vesen me trur på, ein eller annan gong skal ha gitt menn rett til å undertrykka kvinner eller menneskje rett til å herska over og undertrykka dyr, er like menneskeskapt som det meste anna me omgir oss med.

LES OGSÅ: Frå forbrukar- til ansvarssamfunn

Og natur er i seg sjølv verken fasit eller moral. Men definitivt ein slags fornyande balanse. Denne er derimot alvorleg forrykka i vår tid. Mennesket har teke enormt mykje meir plass enn det naturen gir rom for. Og når ein art tek stadig meir plass, går det på alvorleg kostnad av eksistensen til andre artar.

Svaret?? Vel, trass i alt eg har skrive over, er eg faktisk meir optimistisk enn på lenge. Den nye grøne, regenerative, revolusjonen er per i dag vår største von om positiv endring. Denne endrar det meste, også måten me held og behandlar dyr på. Dei regenerative pionerane eg skriv om i jordbøkene viser vegen: det treng ikkje vera motsetnad mellom aktiv kjøttproduksjon og det å la dyr leva mest mogleg naturlege liv utandørs. Dette gjeld både drøvtyggjarar, gris og fjørfe.

Og denne revolusjonen spreier så definitivt om seg. Internasjonalt er det ingen landbrukspraksis som veks fortare. Også her heime skjer det ting. Berre i mitt eige nærområde veit eg om stadig fleire som lar grisar få lov til å vera grisar og høns få lov til å vera høns, altså individ med naturlege behov for å leva liva sine ute under open himmel. Mitt bidrag, i den grad eg ikkje held dyr sjølv, vil vera å kjøpa det kvite kjøtet mitt frå nettopp desse bøndene.

Hanen Hentur og gjengen. Foto: privat

Det som kjenneteiknar desse, er at dei alle har teke sjølvstendige standpunkt til eit uhyre vanskeleg, ja beintfram umogleg, moralsk dilemma. Dei har kome fram til følgjande prisverdige standpunkt:

Skal me menneske driva kjøttproduksjon, må dyr på eit tidspunkt lata livet for oss. For på noko vis å kunna krevja dette offeret, er det minste me kan gje tilbake at dyret får leva det forholdsvis korte livet det har så mykje i pakt med sine naturlege behov og lyster som det er mogleg for oss å leggja til rette for pr i dag.

Desse enkeltprodusentane viser difor veg bort frå avgrunnen. Eg håpar sterkt at dei store aktørane – næringspolitikarane og dei offisielle næringsrepresentantane – etter kvart kjem til å endra standpunkt og følgja pionerane. For per no er dei diverre djupt, djupt nede i skyttargravene: «Det me såg var unnatak.» «Dette var lenge sidan.» «Mykje har endra seg sidan då.» «Andre er mykje verre enn oss.» Osv.

Eg håpar at desse maktaktørane, altså desse som bevegar massane, etter kvart innser at denne dyrevelferdsdebatten – ein av mange på-den-ytste-kanten-debattar me alt har og vil få i tida framover – til sjuande og sist verken handlar om snevre næringsinteresser eller simpel nasjonalisme. Den handlar om vår felles framtid som art på denne planeten. Og difor også om framtida til alle artar me deler den kjære jordkloden vår med.

LES OGSÅ: Tid for Jordboka