Toginteressa har eksplodert – men reisande klagar over dårleg tilbod

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferske tal frå Entur viser ein betydeleg auke i salet av utanlandsbillettar i sommar. Salet av interrailbillettar auka med 35 prosent, medan vanlege strekningsbillettar til og i utlandet, og plassbillettar, auka med 20 prosent.

Auken er truleg endå større då ein stor del togreisande bestiller billettane sine direkte på europeiske nettsider og stasjonar, opplyser Stein Erik Jensen i Entur til NTB.

Det er billettar i kategorien Vaksen og Barn som aukar mest, viser interrailtala for Europa totalt.

Kristian Skjellum Aas, moderator i Facebook-gruppa Togferie, meiner regjeringa må gjere mykje meir for å få folk til å velje tog framfor fly når dei skal reise. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Krev nattog og direktelinjer

Medan nordmenn i årevis har lege på flytoppen i Europa, har toginteressa fått eit kraftig oppsving dei siste åra. Ei rekke aktørar og interessegrupper pressar på for eit betre togtilbod.

– Det heng saman med eit større klimaengasjement, men også med at Noreg har eit heilt vanvitig dårleg tognett. Mellom dei store byane i Noreg har vi blant Europas treigaste tog og med færraste avgangar, seier Kristian Skjellum Aas, som er moderator i Facebook-gruppa Togferie. Gruppa har vakse i rekordfart sidan oppstarten på nyåret og tel no over 26.500 medlemmer.

Medlemmene deler tips, forteljingar og bilde frå fine togturar, men også mykje frustrasjon over det dårlege tilbodet. Særleg blir det etterlyst direkteavgangar og nattog frå Oslo til europeiske byar. Mange fortviler over dårleg informasjon frå norsk side om rutetider og billettkjøp.

Betre i 1990

På eit arrangement om jernbanen i framtida under Arendalsveka torsdag viste Aas til at togtilbodet frå Noreg og ut til Europa var langt betre i 1990 enn i dag. Den gongen gjekk det dagleg direktetog både natt og dag til Hamburg og København frå Oslo. I dag er einaste nattog ut av landet strekninga Narvik-Stockholm, og ingen tog går lenger enn til Sverige.

– I sommar var det kaotisk på toget mellom København og Hamburg, som no er hovudvegen sørover for heile Noreg, Sverige, Finland og halve Danmark, seier Aas.

Togsambanda mellom dei skandinaviske landa heng òg så dårleg saman at det no ikkje er mogleg å komme seg tilbake til Oslo frå Hamburg på éin dag.

Rekordmange nordmenn valde togferie i Europa i sommar, men togturistane meiner tilbodet er altfor dårleg. I Arendal vart samferdselsminister Jon Georg Dale (t.h.) utfordra av Kristian Skjellum Aas (t.v.). Sistnemnde er moderator i Facebook-gruppa Togferie med over 26.000 medlemmer. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Prioriterer pendlarane

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) er samd i at jernbanen var vore nedprioritert over mange tiår, men peikar på at det no blir gjort massive investeringar – særleg på Austlandet.

Dale kan likevel ikkje garantere at togturistane får eit betre tilbod neste sommar. Regjeringa vil først og fremst prioritere eit godt tilbod til jobbpendlarane, seier han.

– Så skjønner eg at det er behov for å sjå på korleis vi kan forbetre tilbodet for dei som vil reise til utlandet, og vi er i dialog med svenske styresmakter om korleis vi kan få det til, seier han til NTB.

Dale påpeikar at dei fleste i dag vel fly fordi det er enklare og billegare.

– Viss det er konkurransekraft i tog fordi fleire vil reise, så vil det bli eit betre tilbod, seier han.

Aas reagerer på resonnementet.

– Folk vel å reise på den måten politikarane legg til rette for. I Noreg har ein satsa monomant på fly i 50 år, derfor reiser dei med fly. No er det på tide å satse på tog, seier han og oppmodar samferdselsministeren til å ha to tankar i hovudet samtidig:

– Det er bra med fokus på pendlarreiser, men regjeringa må òg tenkje på mellomdistanse og langdistanse. Tog må kunne erstatte fly, både av klimaomsyn, av energisparingsomsyn og av mange andre omsyn, seier han.

Fakta: Dette er ønskelista til togturistane

Stadig fleire vil reise med tog på ferie, men togturistane meiner tilbodet i dag er altfor dårleg. Dette er dei viktigaste ønska til togturistane:

For utanlandsreiser:

* Få tilbake direktetog frå Oslo til København og frå Oslo til Hamburg, både på natt og dag.

* Nattog frå Nord-Danmark til Hamburg eller lenger ned i Tyskland, mange tar båt til Hirtshals og byter til tog der.

* Gjere det enklare å kjøpe billettar til tog i heile Europa, inkludert plassreservering for Interrail. I dag er det tungvint å orientere seg om kvar billettar kan kjøpast.

* At dei skandinaviske togmyndigheitene snakkar saman og samordnar sine rutetider, og at Norge koplar seg på dei nye nattoga som Sverige no planlegg nedover i Europa.

* Samkøyrde ruter frå Bergen/Stavanger/Trondheim via Oslo og ut av landet.

For innanlandsreiser:

* Forenkla billettsystem etter mal av flyselskapa.

* Fleire avgangar og høgare fart mellom dei store byane i Noreg.

* Få tilbake fleksibiliteten ein hadde før, med å kunne gå av og på igjen og ta neste tog utan å betale for ny billett.

* Fleire sovevogner, og fleire typar sovevogner i Noreg. I andre land med nattog er det vanleg med liggekupear med 4–6 plassar, som er ideelle for ein familie.

* Moglegheit for å ta nattog med sovekupé på billegare vis ved å dele kupear.

* Betre barnerabattar

* Bedre internett-dekning på norske tog

BT-kommentator Jens Kihl har også samla ei rekke råd frå togentusiastar i kommentaren « Dette kan få toget tilbake på sporet igjen». Her er nokre av råda hans til togaktørane her i landet:

*Tidlegare innsjekking på nattoget. Innsjekking klokka 22.40 er altfor seint for barnefamiliar. Gi moglegheit til å sjekke inn bagasje, slik at ein har mindre å passe på.

*La nattvogner, som kan hektast på toget undervegs, vente på utvalde stoppestadar langs ruta. Dette vart gjort før.

* Gi folk som har køyrt nattog, moglegheit til å sleppe å stå opp i otta ved å køyre toget til ein stad det kan stå utan å vere i vegen. Så kan folk ta bussen til sentrum.

* Opprett eit køsystem for ledig sovekupé på Vy-appen, dersom nokon avbestiller.

*Gi bonuspoeng på togreiser slik ein får på fly

(Kjelde: Facebook-gruppa Togferie og Jens Kihl i BT. )

(©NPK)