«Sokkar har altså gjort meg til ein gal samlar, ein rotekopp og ein kald kjeltring»

Linn Isabel Eielsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har alltid likt sokkar med mønster på. Det har liksom vore greia mi. Dei andre hadde kvite sokkar, nokon hadde kanskje til og med rosa sokkar, men eg hadde sokkar med Bambi på. Eg hadde sokkar med einhjørningar, ender og morsomme auge i forskjellige fasongar. Eg hadde sokkar som betydde noko for meg.

Dette var ikkje noko eg slutta med over åra. Sokkar har blitt mitt største fall til kapitalismen, og kvar gong eg har vore på ferie har eg kjøpt meg nye par, med forskjellege motiv på. Eg fekk meg sokkar med Grumpy Cat på i Polen, og med Løvenes konge på frå Primark i London. Eg samla på dei, og sokkeforbruket mitt begynte til slutt å bli enormt.

Det er nemleg begrensa kor mange sokkar ein treng når ein berre har to føter. Att på til, så har eg ofte gløymd å ta med meg sokkar når eg har vore på overnatting, så eg har lånt kanskje tjue par av vener, som eg aldri ga tilbake. Sokkar har altså gjort meg til ein gal samlar, ein rotekopp og ein kald kjeltring.

På mange måtar har sokkeskuffa blitt til mi form for kredittkortgjeld. Eg har stort sett okay kontroll på kva som skjer i livet mitt, eg leverer ting i tide og hugsar å gå ut med søpla, men sokkeskuffa har berre blitt til eit evig rot. Eg har nemleg sakte, men sikkert latt det skli ut av kontroll, ikkje berre i tal, men også i sortering.

Det er ingen av mine tohundreogførtiseks sokkar som har ein partnar, eg gjentar; ingen. Dette har ført til at eg aldri opnar den skuffa, og eg tek heller eit par umatchande og tilfeldige sokkar frå vaskerommet kvar dag. Eg ser aldri i skuffa, eg tek aldri i den, og kvar gong eg ser sokkar på butikken gjer påminninga meg litt kvalm.

Det er så ville tilstandar at eg på eit punkt vurderte å leige inn anten ein amerikansk matchmakar som kunne finne ein partner til kvar sokk, eller Hallgeir Kvadsheim som kunne ta fram ei tavle og begynne å forklare meg undergangen min i laminerte utprinta sokkefigurar.

No i starten av august, var det på tide for meg å flytte heimefrå. Eg har fått meg eit lite rom i Oslo kor eg skal bu og leve livet vidare for meg sjølv, og i den anledning opna mora mi klesskapet mitt. Eg sa eg hadde rydda, men ho var ikkje einig. Forståeleg, i grunn.

Ho drog fram sokkeskuffa mi, den som eg for lengst har gitt opp. Den som rommar einsemda sjølv, og er eit bilete på kor mykje eg kan la livet mitt spinne ut av kontroll dersom eg går for lenge utan innblanding. Ho satt og såg på den i stille, og eg kunne sjå skuffelsen i auga hennar. Kva var det ho hadde skapt? Eit menneske som ikkje klarer å sortere sokkane sine? Hadde ho i det heile tatt skapt eit menneske, eller var eg berre ein fiasko på to bein, med alt for mange sokkar på kvar fot?

Ho såg på skuffa mi ei stundt til før ho sa at eg måtte sortere dei. Verda mi gjekk i svart, eg såg livet mitt passere i revy, og så datt orda ut av munnen min:

Berre kast dei.

Eg fann fram ein svær søppelsekk, og gjentok orda.

Berre kast dei!

Høgare.

BERRE KAST DEI!!

Eg er nødt til å starte på ny. Eg kan ikkje dra med meg dette rotet, eg kan ikkje fortsetje på denne måten.

Berre hiv alt, eg bryr meg ikkje! Eg bryr meg ikkje om Bambi-sokkane frå Primark, eller dei polske kattane, berre brenn dei. Kvitt! No! Eg orkar ikkje eit minutt meir, ikkje eit sekund!

Det blei løysinga. Kaste alt i ein søppelsekk og takke farvel til alt eg har kjent.

Men eg kan ikkje la dette skje igjen, fordi det er ingen profesjonelle som hjelper folk med sokkaskuffa si, og no har eg ingen som kan passe på meg lenger. Livet har ikkje nokon TV-programleiar som set seg ned og seier at Sokkeherredømmet har bestemd seg for å kutte halvparten av arbeidet med å sortere dei. Det er heller ingen profesjonelle matchmakarar som ville tatt jobben seriøst.

Det viste seg at eg hadde nesten ein søppelsekk med sokkar. No har eg to par kvite sokkar, eit par lilla med sitroner på, og eg lurer på kor lenge eg bør vere på avrusing før eg kjøper nye. Faktisk, så lurer eg på om eg nokon gong blir så uavhengig at eg klarer å kjøpe nye.

Fram til då må eg finne ein annen måte å uttrykke meg på. Eg kan for eksempel skrive.