Ung politikar: Egil (18) frå Lærdal Arbeidarparti

Framtida.no har utfordra unge listekandidatar frå ulike parti og kommunar. Kvifor har dei engasjert seg, og korleis vil dei bidra til at Noreg kan nå klimamålsetjingane sine?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.09.2019 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjennom oppveksten tenkte eg ofte at det var urettferdig at det var vi unge som måtte lide når kommunen fekk dårleg råd og måtte kutta i budsjetta, og at mykje burde vore gjort annleis, fortel Egil Natvik Vestrheim på e-post til Framtida.no.

Det var grunnen til at 18-åringen som no er 3. kandidat for Arbeidarpartiet i Lærdal byrja å delta i lokalpolitikken. Kommunestyret avgjer korleis kommunen vert styrt og pengane fordelt, og det påverkar alle i kommunen.

– Derfor engasjerte eg meg. Rett og slett fordi eg ønskjer å gjera Lærdal til ein endå betre stad å veksa opp i, jobba i og bli gammal i, seier Vestrheim.

Klimautfordrande turistar

Sjølv skildrar Vestrheim heimkommunen sin som ein fin, liten kommune med litt over 2000 innbyggjarar. Lærdal har mykje vakker natur og ein landsby av gamle trehus på gamle Øyri. Kommunen har også mykje jordbruk med mykje poteter, moreller, bringebær og jordbær.

– Og på sommaren får vi besøk av mange turistar frå hele verda som vil sjå den flotte kommunen vår, fortel Vestrheim.

Gamle Lærdalsøyri. Foto: Jan Christian Jerving via Sogn og Fjordane fylkeskommune/Flickr/CC BY-SA 2.0

Turistane som kjem for å skue på dei mange trehusa på Lærdalsøyri står også for det Vestrheim meiner er kommunens største klimautfordring:

– Transporten av turistane fører til ein del utslepp så her er det viktig å jobba for å gjera den meir klimavennleg. I tillegg fører det til ein del forsøpling ulike plassar i kommunen og då er det viktig å sørga for gode høve for å kasta boss i tillegg til at alle kan ta del i dugnaden med å halda Lærdal reint.

– Korleis vil du legga til rette lokalt for at Noreg skal nå klimamålsetjingane?

– Eg meiner at det er viktig å sørgja for fleire ladestasjonar for elbilar og sjå på om ein kan kjøpa inn elbilar til kommunale formål. I tillegg til å jobba for å gjera turistnæringa i bygda så klimavennleg som mogleg.

For høg snittalder

Fram mot det komane lokalvalet vil Egil Natvik Vestrheim engasjere andre unge ved å snakke med dei. Fortelje om kor viktig det er å bruke røysteretten og engasjere seg i politikken:

– Fordi den påverkar oss unge i høgaste grad, slår Vestrheim heim fast.

18-åringen legg så til:

– Og så vil eg oppfordra alle til å gi ei personstemme eller ein sleng til unge kandidatar på dei ulike listene. Gjennomsnittsalderen i kommunestyret i dag er altfor høg, og eg meiner at vi treng fleire unge stemmer som er med på å styra kommunen vår.

Les også om kvifor 24 år gamle Ann-Christine har valt å engasjere seg i Pensjonistpartiet: – Eg kan tore forklare korleis det er for oss som er utanfor samfunnet

Ann-Christine Mikkelsen. Foto: Privat

Egil Natvik Vestrheim

Alder: 18 år
Yrke: Elev på studiespesialiserande vg3 og var ferievikar på Hydro i Årdal i sommar
Parti: Arbeidarpartiet
Kommune: Lærdal i Sogn