Sju gode grunnar til å delta på Pride


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Faksimile Sunnhordland 31.juli 2019

Innlegget var først publisert på Facebooksida til Anna Sofie Ekeland Valvatne og er republisert med forfattarens samtykke.

I lokalavisa Sunnhordland (31.juli) kunne ein lesa ei annonse frå foreininga Morfarbarn.no der dei gjev deg «Sju grunner for ikke å delta i Pride-parader».

Dei har altså nytta titusenvis av kroner på å få deg til å ikkje støtta mangfald og kjærleik, og lokalavisa mi har gladeleg teke dei i mot.

Her får du sju gode grunnar til å delta på Pride:

1. Gå for dei som ikkje kan

Mange vågar ikkje eller kan ikkje vera opne om sin seksualitet eller kjønnsidentitet. Dette gjeld både her i Noreg, og i resten av verda. Dei siste dagane har me lest i nyheitene om homofrie-sonar i Polen, og om korleis Pride-deltakarar vart banka opp i Białystok. Me må gå for dei som ikkje kan gjera det sjølv. Det må me gjera heilt til dei kan gå attmed oss.

2. Grenselaus kjærleik

Pride-paradane handlar om å kjempa for grenselaus kjærleik. Fleire plassar i Noreg har folk gått under parola «kjærleik er kjærleik» rett og slett fordi bodskapen er so enkel. Alle skal få leva med den dei elskar!

3. Press mot skadelege haldningar

Diverre finst det framleis mange som har skadelege haldningar til skeive, og det er framleis land som fengslar og drep folk for å vera den dei er. Det betyr at kampen vår ikkje er over. Å delta i Pride – det mest fargerike demonstrasjonstoget i verda – er me med på å pressa vekk dei skadelege haldningane, og skapa eit meir raust samfunn!

4. Angrep på skeive

Kvar einaste dag vert LHBTI-personar utsett for vald og trugslar. Alt frå å bli spytta på medan du står på ein parkeringsplass på Stord, til å bli banka opp på bussen i London. Den vanlegaste dødsårsaka blant transkvinner er framleis drap. Mange stader anerkjenner dei ikkje homofob eller transfob vald som hatkriminalitet. Ofte vert det ikkje etterforska ein gong. Slik kan me ikkje ha det!

5. Ikkje ta rettane dine for gitt!

Pride-paradar er eit veksande fenomen, og no har me det i so og sei alle krikar og krokar i Noreg. Men me må ikkje ta rettane våre for gitt. Sjølv i land der tidlegare Pride-arrangement har gått fredeleg for seg, har det no blitt forbode å arrangera Pride. I Istanbul avgjorde myndigheitene å forby Pride i 2015, sjølv om paraden har fått gå sidan 2003.

Sjølv om mange har det betre no enn det var før, so kan ting endra seg. Det må me syta for at ikkje skjer!

6. Synleggjer minoritetane!

Pride handlar om menneskerettar. Det gjev LHBTI-personar myndigheit til å krevja rettane sine og det offentlege rommet attende. Synleggjering er sjukt viktig for å normalisera og skapa aksept. Difor er det viktig at Pride-paradane vert sett over heile verda!

7. Det nyttar!

I år er det 50 år sidan Stonewall-opprøret, som vert rekna som starten på pride-rørsla. Sidan den gong har det skjedd utruleg mykje! Det visar at det nyttar å kjempa. Tenk so mykje me kan få til om me held fram kampen❤

Eg vil oppfordra alle til å delta i ein Pride-parade nær deg! Sist helg vart det skipa til Haugaland Pride i Haugesund, og denne helga kan me gle oss til Storapride her på Stord! Kom deg ut i gatene og vis at i verda, Noreg og Sunnhordland er alle velkomne!

Hugs: Kjærleik er kjærleik❤

Har du Pride-kunnskapane på plass? Test deg sjølv i Pride-quizen!

Sjå video frå tidenes første Storapride i fjor: