Juli-vêret gav både varme- og kulderekordar

Sommarmånaden juli gav fem fylkesrekordar for lågaste botntemperatur. Samtidig førte varmebølgje til fire fylkesrekordar for høgaste topptemperatur.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varmebølgja som gav høge temperaturar over store delar av Sør-Noreg i slutten av månaden, tangerte nesten den norske varmerekorden for juli.

Høgaste maksimumstemperatur på 35,0 grader vart registrerte 27. juli på Mosjøen lufthamn i Nordland. Lågaste minimumstemperatur var -6,4 grader, og vart målt ved Juvvasshøe i Lom i Oppland 3. juli, heiter det i ei pressemelding frå Meteorologisk institutt.

Nesbyen har framleis temperaturrekorden på 35,6 grader frå 1970.

Nye fylkesrekordar

Fylkesrekordane for høgaste topptemperatur gjaldt Rogaland med 34,6 grader, Hordaland med 34,8 grader, Sogn og Fjordane med 33,9 grader og Nordland med 35,0 grader.

For botntemperaturane fekk fylka Oppland (minus 6,4), Buskerud (minus 2,7), Rogaland (pluss 2,1), Møre og Romsdal (minus 2,7) og Trøndelag (minus 4,5 grader) nye kulderekordar.

For heile månaden i snitt låg Noreg 1,3 grader over normalen. Varmast var det i Trøndelag og Nordland med eit avvik på 2–3 grader over normalen. Ein del stasjonar i Finnmark endå frå 0,5 til 2 grader under normalen.

Høgaste døgnnedbør var 107,9 millimeter, og vart målt på Haukedal i Førde i Sogn og Fjordane, den 31. juli. Dei store mengdene med nedbør førte til jordskred og stengde vegar fleire stader i fylket.

Teikn på at klimaet er i endring

Natt til 9. juli 1933 fall temperaturen aldri under 25,5 grader i Halden – den varmaste temperaturen nokosinne målt på nattetid i Noreg. Den siste helga i juli vart den 86 år gamle tropenattrekorden slått då gradestokken viste 26,1 grader på Sømna-kvaløyfjellet i Nordland.

Også i Bergen vart det sett varmerekord førre veke med 33,4 grader. Dette er andre året på rad at vestlandsbyen set varmerekord. I fjor vart rekorden frå 1947 slått då gradestokken viste 32,2 grader.

Bergen har sett varmerekordar både i 2018 og 2019. Illustrasjonsfoto: Lieuwe Terpstra, Unsplash.com

Rekordar med bismak

Statsmeteorolog Pernille Borander har blanda kjensler når det kjem til rekordane.

– På den eine sida er det fascinerande med mykje vêr og at folk interesserer seg så mykje for vêret, som dei har gjort i det siste. Men det er ein bismak òg med tanke på at jorda blir stadig varmare med høgare makstemperaturar, seier statsmeteorologen ved Meteorologisk institutt til NTB.

Ho viser til dei europeiske kollegaene sine som har meldt om daglege varmerekordar på kontinentet i veka som var.

– Det verkar nok som slike varmebølgjer er noko vi vil sjå stadig meir av i framtida. Det blir oftare sett varmerekordar, og det er teikn på at klimaet er i endring, seier Borander.