– Det er eigentleg berre ein myte at talent er det som skapar ein god musikar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eigentleg berre ein myte at talent er det som skapar ein god musikar, fortel Konrad Markvoll.

17-åringen fortel dei frammøtte på PechaKucha at bak kvar ein god musikar ligg mykje øving. Ein kan ikkje lene seg på talent for å vere god.

Ein treng heller ikkje vere verdsmeister for å finne glede i det:

– Det er viktig at musikk kan nytast på alle nivå. Det er nok at du kan eit par akkordar på gitar og dreg den fram på fest for å spele ein klassikar alle har spelt før, seier Konrad, og legg til:

– Eller så kan det vere at du har spelt fioloin sidan du var 6 år gamal og kanskje til og med skal gjere det til ein karriere.

Les også om Sigurd (16) som bruker både skule- og fritid på bli ein best mogeleg trompetist: – Ingen tvil om at det er dette eg vil satsa på.

Rista av seg sceneskrekken

Frå Konrad var liten har han kjent seg heime på scena og i musikken. Anten det var i regi av skulen, i eit skodespel eller å synge på småkonsertar rundt omkring.

– Eg hadde veldig mykje sceneskrekk i begynnelsen, hugsar eg. Men den klarte eg å jobbe av meg etter å berre ha hive meg ut på alle scener eg kunne, fortel han.

Endå det var flaut å gløyme teksten, så lot ikkje 17-åringen seg stoppe.

På kulturskulen song han, spelte piano, klimpra på gitar, var med i teater og dansa. Då han skulle byrje på vidaregåande skule var det difor heilt naturleg for han å velje musikklinja.

Der fekk Konrad mogelegheita til å drive med det han likar best. Han får gje ei oppleving til publikum, fortelje ei historie og dele kjensler.

Her kan du høyre heile føredraget til Konrad:

Video: Salman Chaudhry og Thea Auestad, medielinja ved Stord vidaregåande skule.

Plass til alle i musikken

– Det eg likar med musikk er at det kan vere så utruleg fleirsidig, fortel Konrad.

Sjølv spelar han piano, ukulele og litt bratsj. Samstundes kan ein komponere eigen musikk, spele andre sine låtar og synge.

– Sjølv det å høyre musikk er ein måte å inkludere musikk i fritida di, seier 17-åringen.

For i musikken kan ein også finne samhald.

– Det kan vere veldig sosialt at du syng i kor, eller spelar i orkester, korps eller band. Då jobbar ein mykje med samarbeid, kjemi, energi og det å halde pulsen med kvarandre. Då vert ein kjend med nye folk, forklarar Konrad.

På den andre sida kan musikken vere veldig personleg:

– Det kan vere du sit på rommet ditt og spelar den same songen ti gongar, berre fordi du føler for det eller fordi du kanskje har det litt vanskeleg, seier han og legg til:

– På den måten kan musikken vere litt terapeutisk òg.

Les også: 33 nasjonale organisasjoner står saman om eit opprop for å styrka, ikkje svekka, songen i skulen.

Drøymer du om å verte musikar? Les om Tonje Halbjørhus (27), som driv eige platestudio for å få full kontroll over musikken!

Tonje Halbjørhus og el-gitaren. Foto: Randi Grønnerød.