Musikk seint og tidleg for Sigmund (16)

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Kvinneheringen. 

Det er ikkje mange som reiser frå Rosendal til Bergen etter fullført ungdomsskule. Men det gjorde Sigmund. Rett nok flytta han til besteforeldra på Sotra. Men Langhaugen VGS ligg på Landås, og der har dei både musikk- og danseline.

– Eg går ikkje på dans, smiler den hardtsatsande kvinnheringen.

Mange timar

Skulen er som ein magnet på ungdommar i og kring Bergen som satsar på musikk, og som samstundes vil gjennomføre studiespesialiserande.

– Så langt har det gått greitt. Men det er tidvis tøft. Tre dagar i veka held me på til halv fem. Då er det godt at farmor har middagen klar når eg kjem heim.

Men øvinga på skulen er ikkje nok. Skal ein komma nokon veg, må ein også gjera ein god innsats på eiga hand.

– Det blir nokre timar i veka. Men eg er endå meir motivert no, enn eg var då eg kom hit i haust. Ingen tvil om at det er dette eg vil satsa på.

Les også reportasjen: Halvparten av korpsmusikantane sluttar i ungdomsskulealder: – Enten er du korpsnerd eller ikkje.

Thea Soltveit Taranger frå Uskedalen leverte varene som solist for det kvinnherske samarbeidskorpset i Grieghallen, sist helg. Foto: Vidar Alfarnes, Kvinnheringen

Tre oppdrag

Under Hordablæsten spelte Sigmund med skulekorpsa Rosendal/Uskedal i 3. divisjon, og med Ravnanger Brass i 1. divisjon. Sistnemnde høyrer til på Askøy, og dei speler han fast med under opphaldet i Bergen. I tillegg var han også med i ensemble-konkurransen, som ein av fem Langhaugen-elevar i ein trompetkvintett.

– Det har vore ei kjekk helg. Denne gongen slapp eg å reisa så langt. Dei andre i familien kom til Bergen, og eg budde saman med gjengen frå Kvinnherad på Hotel Terminus.

Der delte han rom med søstera Solfrid (11). Også ho er positivt påverka av mamma Liv Signe, som har spelt kornett i mange, mange år.

– For oss er nok Hordablæsten årets høgdepunkt, meiner veslesøstera, og legg til:

– Det er kjekt å vera nokre dagar i Bergen, bu på hotell og konkurrera mot andre korps.

Mykje smil og moro for denne gjengen på helgetur til Bergen og Hordablæsten. Foto: Vidar Alfarnes, Kvinnheringen

Les også: Ti år gammalt stjerneskot skal spela på Tysnesfest

Høgt nivå

Hordablæsten er å rekna som ein fylkesmeisterskap for skulekorpsa. Og som dei fleste sikkert veit er nivået i Hordaland truleg det tøffaste i landet. Det skal med andre ord veldig mykje til å nå opp i konkurransane. Det fekk Rosendal/Uskedal til fulle oppleva. Dei vart nummer 12 av 12 korps i 3. divisjon med 81 poeng. Vinnaren Osterøy skulebrass hadde til samanlikning 94.

Tor Skeie Olsen er til vanleg dirigent i Uskedalen, medan Nick Hughes nyleg starta opp med gruppa i Rosendal. I Bergen var det Tor som hadde ansvaret.

– Det skjer alltid litt som ein ikkje hadde budd seg på, men i det store og heile var det eigentleg ei veldig bra gjennomføring av korpset, sjølv om det tidvis var litt upresist og ureint. Det får dommarane med seg. Men eg synest korpset har hatt god progresjon på fellesøvingane etter nyttår, og det er alltid nyttig å få bryna seg mot andre, seier ein som framleis hugsar sitt første møte med Hordablæsten svært godt.

Les også om korpsmusikanten Knut som var pollenflyktning i 12 år. 

Klar melding

– Det var i 1988 og eg var 12 år. Då hadde Rosendal skulekorps nærare 30 medlemmer, og me var rett og slett gode. I Bergen spelte me i 2. divisjon og vann. Seinare på året var det NM, der me konkurrerte i tredje, og vann der også. Det er gode minner, smiler sonen til Kjartan Wang Olsen, som var dirigenten den gongen.

I helga var Rosendal/Uskedal 30 musikantar på golvet i Grieghallen. Det fortel i klar tekst at begge korpsa er for få til å stilla med noko som liknar på full besetning.

– Eg har gjeve melding til begge styra om at dette er eit samarbeid me berre må få gjort meir av, seier Olsen.

Maren Røyrvik Grøtte frå Dimmelsvik har nett gjort seg ferdig med solistkonkurransen, der ho vart akkompagnert på piano av André Eide. – Dette gjekk betre enn forventa, var tilbakemeldinga etterpå. Også Nils Rainer Vågen frå Skorpo var med på solistkonkuransen under Hor-dablæsten. Foto: Vidar Alfarnes, Kvinnheringen