Jernalderen: Nordmenn tilpassa seg kaldare klima

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskingsresultata, som førre veke vart publisert i tidsskriftet Royal Society Open Science, har vekt internasjonal merksemd og er mellom anna omtalt i National Geographic.

Det er Oppland fylkeskommune som saman med Kulturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo sidan 2006 har arbeidd med å sikre gjenstandar som dukkar opp i fjellet når breane no trekkjer seg tilbake. Så langt har dei redda over 2.000 godt bevarte piler, klede, sverd, kjelkar, ski og anna frå den tida da breane brått la på seg.

Som ein fimbulvinter

Perioden var som ei lita istid og kan ha vore opphavet til den norrøne myten om fimbulvinteren. Men ingenting tyder på at folk lét seg stagge av at det vart kaldare i vêret, heller tvert imot, viser forskinga , som også Universitetet i Bergen, NTNU og universiteta i Oxford og Cambridge har vore med på.

– Dette var ein periode med kaldt klima, som følgde to kraftige vulkanutbrot. Det var ei tid da landbruket gav lågare avkasting og folketalet sokk. Det er derfor veldig interessant å sjå at funna frå isfonnene i Oppland ser ut til å auke gjennom denne kuldeperioden, seier leiaren for det brearkeologiske sikringsprogrammet i Oppland, Lars Pilø.

– Vi trur folk tilpassa seg dei forverra forholda for landbruk ved å auke utnyttinga av ressursane i fjellet. Dermed gjekk òg fleire funn tapt i snøen i denne perioden, forklarer Pilø.

Færre funn frå mellomalderen

Arkeologane har gjort mange funn i det åttande til tiande hundreåret, men etter den tid minkar funna i isfonnene. Truleg kollapsa reinbestanden utover på 1100- og 1200-talet på grunn av overutnytting.

Fylkesordførar i Oppland Even Aleksander Hagen er imponert over arbeidet som er gjort.

– Brearkeologien i Oppland er i verdsklasse! På vegner av Oppland fylkeskommune vil eg understreke kor stolte vi er av den jobben som blir gjort av dyktige fagfolk. Det er interessante historiske perspektiv på klima og levesett som smeltar fram under isen, og det klarer vi å fange opp før det er for seint.