Fleire organisasjonar vil ha nye utgreiingar av vindkraft

Jeger- og fiskerforbundet, Turistforeningen og Naturvernforbundet ber om ny behandling av vindkraftkonsesjonar der utbygginga ikkje har starta.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Klassekampen har dei tre organisasjonane sendt eit brev til statsrådane i Olje- og energidepartementet og i Klima- og miljødepartementet med dette kravet fordi dei meiner at dei tidlegare utgreiingane ikkje er gode nok.

– Vi høyrer om skrekkdøme der biologar har vore ute og kartlagt i berre to dagar i område på fleire titals kvadratkilometer, seier generalsekretær Maren Esmark i Norges Naturvernforbund.

Departementet: – Solide faglege vurderingar

Statssekretær Liv Lønnum (Frp) i Olje- og energidepartementet opplyser til Klassekampen at ho ikkje har lese brevet, men på generelt grunnlag opplyser ho at det verken er aktuelt å få nye miljøfaglege vurderingar for allereie utdelte konsesjonar, eller å trekke tilbake konsesjonar.

– Konsesjonane er gitt, og dei er tufta på solide faglege vurderingar. Dei er sende på høyring, og alle har hatt moglegheit til å komme med innvendingar, seier Lønnum.

Departementet opplyser at organisasjonane skal få svar på brevet og at det kjem eit forslag om tidspunkt for eit møte etter sommarferien.