Nytt forskingsprosjekt etter 22. juli: – Framleis mange som slit

Til hausten startar arbeidet med å kartlegge oppfølgingsarbeidet av dei som vart ramma av terrorangrepet i 2011.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Støttegruppa for 22. juli meiner at det framleis trengst meir forsking og kartlegging av dei overlevande etter terrorangrepet.

– Generelt vil eg seie at mange har det bra, trass i merka dei ber med seg. Mange har fått den hjelpa dei treng, men det er framleis ein del som slit, seier leiaren i støttegruppa, Lisbeth Kristine Røyneland, til NTB.

Kartlegginga skal vere eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalt kompetansesenter for vald og traumatisk Stress (NKVTS) og Senter for krisepsykologi.

Les også: Støre: – Lyset på Utøya trumfar det mørke nettet

Éin av fem får ikkje hjelpa dei treng

I dag er det åtte år sidan terrorangrepet der 77 personar vart drepne.

Det vil bli halde markeringar både utanfor Høyblokka i regjeringskvartalet og på Utøya.

I fjor sommar hadde støttegruppa eit innspelsmøte med helseminister Bent Høie (H) om oppfølginga av dei ramma, der dei fekk gjennomslag for forskingsprosjektet i haust. Bakgrunnen var ei undersøking støttegruppa hadde gjennomført i fjor, som viste at éin av fem rørte etter terrorangrepa 22. juli 2011 ikkje får den helsehjelpa dei treng.

Røyneland trekker fram at mange av dei mellom anna har hatt problem med å finne fram i systemet.

– Det kan til dømes vere å finne riktige psykologar, rette seg mot Kontoret for valdsoffererstatning, og utfordringar med Nav. Det kan vere fordi dei ikkje har fått rett oppfølging. Vi håper prosjektet blir ein suksess, seier ho.

Les også vår melding av dokumentarfilmen Rekonstruksjon Utøya: – Ikkje berre ein rekonstruksjon av dei forferdelege hendingane

Kunnskap frå 2014

Helsestyresmaktene løyvde derfor midlar knytt til dei regionale sentera mot vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging i samband med dei utfordringane støttegruppa har skissert.

Dei siste studiane i statleg regi som kartla situasjonen for dei etterlatne og overlevande, er frå 2014.

Statsminister Erna Solberg (H), tidlegare Ap-leiar og NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og AUF-leiar Ina Alvilde Rangønes Libak er blant dei som skal delta på arrangementa 22. juli i år.

Markeringa blir den første etter at det vart kjent at 22. juli-senteret i Oslo sentrum skal bli ein del av det nye regjeringskvartalet.

Les også: Siri (26) overlevde Utøya, Faten (23) var radikalisert. No står dei saman på teaterscena

Siri Marie Seim Sønstelie og FatenMahdi Al-Hussaini utanfor Det Norske Teatret. Foto: Beate Haugtrø

Minnemarkeringa 22. juli 2019

  • 9.30: Offisiell opning ved minnestaden i regjeringskvartalet utanfor Høyblokka.
  • 11.00: Høgmesse i Domkyrkja i Oslo
  • 16.00: Markeringa på Utøya startar. Det vert namneopplesing og kransenedlegging ved statsminister Erna Solberg, Ap-leiar Jonas Gahr Støre, AUF-leiar Ina Alvilde Rangønes Libak og Lisbeth Kristine Røyneland i støttegruppa.