– Det er veldig viktig å gjere det enkelt og ikkje minst billig å velje grønt

Sunniva Nordheim (21)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noreg som nullutsleppssamfunn er vanskeleg. Vi har store avstandar, er busette på dei utrulegaste plassar rundt om i landet, og er vande til ein livsstil som fører med utslepp i forskjellig grad. Men vi er også opptekne av å gjere det vi kan for vår natur, og for verdas beste. 

I Noreg har vi gode mogelegheiter for å skape mykje elektrisitet, og den må vi ta i bruk på riktig måte for å verte eit nullutsleppssamfunn. Vi må fokusere på offentleg transport som går på straum: tog, undergrunn, trikk. Vi må tilrettelegge for elbilar, endå meir enn vi gjer i dag, og vi må forsetje å skatte på CO₂-utslepp. 

I Noreg har vi gode mogelegheiter for å skape mykje elektrisitet

Det er veldig viktig, for at samfunnet skal endre seg i riktig retning, å gjere det enkelt og ikkje minst billig å velje grønt. I dag kostar det til tider meir å ta tog frå Bergen til Oslo enn det gjer å ta fly, og så lenge det er tilfelle vil ikkje folket velje tog, som tek så mykje lenger tid.  

I tillegg kan vi få større fokus på å kome opp med nye løysingar à la elbilen. Kva andre nødvendige køyretøy kan gå på elektrisitet, og likevel fungere like bra som før? Korleis kan vi gjere jordbruket grønare? 

Med så mange ressursar som vi har, og med så mange flinke ungdommar, bør vi gjere det vi kan for å komme opp med nye og revolusjonerande løysingar som fører til at ikkje berre vi, men resten av verda, kan redusere utsleppa. 

 

Les også reportasjen om Arendal og deira klimatiltak: Får sykkelgodtgjersle, men ikkje køyregodtgjersle

Det kan sjå trangt ut mellom husa, men går du nærare finn du eit heilt nett av gangstiar, trapper og snarvegar som skal gjere vegen til sjøen tilgjengeleg for alle. Foto: Ida Johanne Aadland