Naturvernforbundet: Flyskam gjeld også for laksen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg, meiner båt bør erstatte fly også for laksen. Pressefoto

– Alle, både vanlege folk, næringslivet og til dømes kommunane er nøydde til å sjå på klimarekneskapen sin. Det er ikkje tvil om at det å senda laks med fly må vera ei kjempeutfordring for laksenæringa, seier Lundberg til IntraFish.

Noregs sjømatråd opplyste nyleg at det blei eksportert om lag like mykje fersk laks til Kina frå Noreg første halvår i år som det blei eksportert i heile fjor. 12.130 tonn fersk laks har funne vegen til Kina med fly til no i år.

Med båt til Kina

Både næringa og styresmaktene vil senda meir laks til land langt borte. Det blir heilt feil i eit klimaperspektiv, meiner Lundeberg i Naturvernforbundet som heller ser at laksen blir seld til stader som kan nåast utan fly.

– Det finst i dag gode fryseteknikkar som gjer at fryst laks har veldig god kvalitet. Det gjer at laksen kan sendast med båt i fryst tilstand til til dømes Kina, seier Lundberg.