Forsking: Gaming gjer ikkje ungdommar aggressive
Ungdommar blir ikkje aggressive sjølv om dei speler valdelege dataspel, viser ein ny forskingsrapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rapporten er basert på ein test utført av 3.034 ungdommar i Singapore. Gjennomsnittsalderen blant dei som deltok var 11,2 år ved oppstarten til testen. Rundt 72 prosent var gutar, ifølgje NRK.
Forskinga studerte samanhengen mellom hyppig dataspeling med valdeleg innhald og aggressive utfall to år seinare.
Treng eit balasert perspektiv
Det er mange studiar som ser på nettopp denne problemstillinga og forskingsfeltet er delt, ifølgje seniorforskar Beate W. Hygen ved NTNU Samfunnsforskning.
Men dersom aggresjon blir påverka av valdelege spel, ser det ut som om denne effekten uansett er liten, seier ho.
Hygen meiner at forskinga tradisjonelt har vore opptatt av negative konsekvensar ved dataspel og at det er behov for eit meir balansert perspektiv.
– Spela har endra seg drastisk ved å vere meir komplekse, varierte, realistiske og meir sosiale. Ein må sjå på både moglege positive og negative konsekvensar, seier ho.
- Har du det som trengst for å verte god i e-sport? Her er norgesmeisteren sine beste tips.
Negativ utvikling for jenter
Sjølv står Hygen bak ein ny studie der ho har sett på samanhengen mellom tid brukt på dataspeling og utviklinga av sosial kompetanse hos barn.
Ifølgje denne studien påverka ikkje bruken av dataspel blant gutar den sosiale kompetansen deira. For jenter var det derimot forskjell.
– Det viste seg at jenter som speler meir som 10-åringar, utviklar dårlegare sosial kompetanse som 12-åringar, seier Hygen.
- Les også om skulen der elevane gamar i timane: – Det gir elevane moglegheit til å dyrke fram ferdigheitene vi leiter etter