16-åringar får køyre mopedbil

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire unge bør få høve til å køyre mopedbil, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

– Ein mopedbil kan vere eit svært godt alternativ til tohjulsmoped, og tilgang til mopedbilar gjer at 16-åringane kan opparbeide seg kompetanse som kjem godt med når dei seinare skal ta førarkort for vanleg bil, seier Dale.

Samtidig som aldersgrensa blir senka frå 18 til 16 år, blir også opplæringskrava tilpassa den nye aldersgruppa.