Desse kvinnene raga på toppen av dei norske poplistene i 2018
Seks av dei ti mest spelte norske artistane på radio i fjor var kvinner. Øvst tronar møreartist og stjerneskot Sigrid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dersom du høyrde på radio i fjor har du kanskje allereie ein mistanke, men 2018 var dei norske kvinnelege artistane sitt år.
Seks av dei ti mest spelte norske artistane var kvinnelege soloartistar eller eit band fronta av ein kvinneleg vokalist. Det kjem fram i ei oversikt Framtida.no har fått av bransjeorganisasjonen Gramo.
Alle dei tre mest spelte norske artistane på norsk radio i 2018 var kvinner.
Sjå heile lista her:
- Sigrid
- Astrid S
- Ina Wroldsen
- Sondre Justad
- Dumdum Boys
- Donkeyboy
- Dagny
- Highasakite (fronta av Ingrid Håvik)
- Kygo / Miguel
- Julie Bergan
Sigrid-året 2018
Ikkje overraskande er det stjerneskotet Sigrid som tronar øvst på lista. 22-åringen frå Ålesund hadde i fjor eit knallår både nasjonalt og internasjonalt.
Hiten «Strangers» stakk av med tittelen Årets låt under fjorårets P3 Gull. I tillegg vart ho kåra til Årets nykommer under Spellemannsprisen 2018, ein pris som kjem saman med Gramo-stipendet på 250.000 kroner. Året før var det Astrid S, som fekk denne utmerkinga.
– Girlpower utan å vere brautande
Lista over dei mest spelte artistane på norsk radio kjem frå Gramo, som er musikarane og artistane sitt vederlagsbyrå.
Kommunikasjonssjef i Gramo, Rita H. Mamelund, meiner at dei kvinnelege artistane på lista lagar «BRA musikk. Rett og slett».
– Det er kult at unge kvinner med bein i nasen er skikkeleg i vinden. Dei har girlpower utan å vere brautande – dei inspirerer sikkert både andre kvinnelege artistar og jenter generelt – både med si personlegheit, sin musikk og sine tekstar, skriv Mamelund i ein e-post til Framtida.no.
Mannsdominerte Danmark
Den norske topplista står i skarp kontrast til våre naboar i sør. I Danmark rullar nemleg debatten om likestilling i musikkbransjen etter at fjorårets topp ti-liste viste seg å atter ein gong bestå av berre mannlege musikarar.
Mamelund spekulerer i om noko av årsaka til at dei norske kvinnene kjem stadig sterkare på banen kan vere at nye kommunikasjonskanalar som strømming og sosiale medium kanskje kan gje kvinnelege artistar ein fordel.
– Det me har sett historisk er at kvinner gjer det bra som solo-artistar, det er få kvinnelege frontfigurer eller musikarar i band som toppar listene. Me hadde fleire år der Rihanna og andre i den ligaen dominerte topplistene – er jo skikkeleg gøy at Sigrid, Astrid S og andre norske artistar tek over trona, avsluttar Mamelund.
P3-produsent: – Dyktige musikarar
Ikkje overraskande var Sigrid den mest spelte norske artisten òg på NRK P3 i fjor.
– Eg trur ikkje det har noko med at dei er kvinner å gjere, men heller at dei er dyktige musikarar som har laga mykje god musikk. Difor har dei vorte populære blant folk og mykje spelt hjå oss, seier Adiele Arukwe musikkprodusent i P3, mp3 og P3X.
Ho peikar på at lista over dei mest spelte norske artistane inneheld artistar innanfor sjangeren popmusikk, der kvinneleg vokal har vore trendande lenge.
– Ser ein på meir mannsdominerte sjangrar som rock og urban, manglar det kvinner både i representasjon og dei mest populære låtane. Det gjeld særleg i sjangeren urban, som har vorte meir populær dei siste åra, understrekar Arukwe.
«Ikke som de andre»
Halvvegs ut i 2019 ser ho ingen grunn til at i år skal bli eit dårlegare år for damene, men peikar på at mest spelte artist ofte vert prega av kven som lagar den mest populære låten.
– Det kan vere tilfeldig om det vert Ariana Grande eller Shawn Mendes.
Grande var den mest spelte internasjonale artisten på P3 i fjor, men dei mest spelte enkeltlåtane var Sondre Justad sin «Ikke som de andre» og Portugal The Man med som «Live in the moment».
Sjølv om dei kvinnelege artistane dominerer på radiolistene har Arukwe inntrykk av at det i likskap med mange andre bransjar framleis er ein veg å gå når det kjem til kvinner i sjefsposisjonar. I tillegg er kvinner underrepresenterte i produsentrolla.
- Les også: Kvar er dei kvinnelege produsentane?