Stortingsrepresentantar flaug i gjennomsnitt 46 gonger i fjor
Frå 2015 til 2018 auka talet på flyreiser stortingsrepresentantane gjorde med 17 prosent. I snitt flaug kvar av dei 169 folkevalde 46 innanlandsreiser i fjor.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er ei kartlegging Dagsavisen presenterer onsdag som viser at talet på flyreiser har auka blant stortingsrepresentantane dei siste fire åra.
I 2015 reiste toppolitikarane i landet 6.659 gonger, viser tal frå Stortingsadministrasjonen. Året etter hadde dette talet stige til 6.919 og i 2017 viste årsoversikta at talet på reiser enda på 7.064. I fjor steig talet til 7.805 innanlandsreiser med fly.
Kor mange flyreiser innanriks har du i året?
Kor mange flyreiser innanriks har du i året?
Les også: Klimaturen til kronprinsen til Stillehavet utløyste over 9 tonn klimagassar
15 gongar så mange flyreiser som ein gjennomsnittleg nordmann
Talet tilseier at kvar stortingsrepresentant i gjennomsnitt flaug 46 flyreiser innanriks i fjor. Til samanlikning reiser kvar nordmann tre gonger innanriks i året, og det er mest i Europa, ifølgje tal frå statistikkbyrået til EU, Eurostat.
Mange av flyreisene skjer i samband med komitéreiser, der ingen av dei Dagsavisen har undersøkt, er gjort med tog. Som oftast føregår slike reiser med fly og med buss. Transport- og kommunikasjonskomiteen hadde sju reiser i fjor, ingen av dei føregjekk med tog, opplyser leiar Helge Orten (V).
Noreg forplikta seg i 2015 til etterleve Parisavtalen som går ut på å redusere klimautsleppa for å bremse den globale oppvarminga.
Les også: VG promoterer reiser til Japan, Amazonas og Antarktis: – Perverst, meiner MDG-profil

«Disse stedene bør du ha på bucketlisten» er tittelen på ei av VG sine reisesaker, som blant anna inkluderer Antarktis. Foto: Eirik Tangeraas Lygre