Vil ha sovekapslar på tog

Aktivist-halvtimen vil at ein skal kunne sove i ein kapsel på veg mellom Oslo og Bergen. Jernbanedirektoratet seier dei no ser på nye løysingar for sovevogntilbodet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aktivist-halvtimen, som beskriv seg sjølv som eit initiativ som tar tak i miljøproblem, har teikna eit utkast til det dei meiner bør vere nattoga i framtida. Utkastet er sendt til Jernbanedirektoratet, skriv Aftenposten.

– Vi meiner det bør vere fleire rimlege og komfortable soveløysingar på nattoget, som gjer at endå fleire kan sove mellom storbyane, seier Kristin Hildre Rørvik, talskvinne for Aktivist-halvtimen til avisa.

Ho meiner at sovekapslar og stolar som er eigna til å sove i, kan utnytte plassen i sovevognene betre, og gjere at tog i større grad kan konkurrere med fly.

LES OGSÅ: Klar for nattog til Europa?

Ser etter nye løysingar

Jernbanedirektoratet ser no etter nye løysingar for å utvide sovevogntilbodet.

– Jernbanedirektoratet jobbar for tida med ei spørjeundersøking blant reisande, og håper det vil gi svar på kva folk ynskjer av sovetilbod, og kva dei vil betale for det, seier Svein Horrisland, kommunikasjonssjef i Jernbanedirektoratet til Aftenposten.

Om det blir nye løysingar på sovetilbodet, vil det først kome når dei eksisterande vognene blir bytte ut om fem til åtte år, opplyser direktoratet. (©NPK)

LES OGSÅ: Testa ut sovekapsel – framtidas festivalcamp?

Kva transportmiddel vil du helst ta til Europa?

Kva transportmiddel vil du helst ta til Europa?

Fly45
Tog (dag)56
Tog (natt)283
Båt7
Andre transportmiddel6
Svar totalt: 397