Klart for nattog til Europa?

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det europeiske miljøbyrået peikar på grensekryssande nattog som ei av løysingane for å få ned flytrafikken.

Back on track, eit europeisk nettverk for grensekryssande tog, fortvilar over at nattoga er under press i Europa, men dei ser også lyspunkt.

– Det er spirande optimisme i Europa. Det går nattog med statsbidrag i Sverige, Skottland og Italia. Og så er det to kommersielle utviklingar som er positive. Dels er det austeriske ÖBB som utvidar nattogtilbodet og tener pengar på det, dels er det ei rekke mindre private operatørar som har tatt over nedlagde tilbod, skriv Poul Kattler, talsperson for Back on track, i ei epost.

No håpar nettverket at Danmark og Sverige skal ta ansvar for reiselystne skandinavar, og dei meiner også at Noreg bør koplast på eit nattogtilbod til kontinentet.

I ein artikkel skisserer dei korleis tilbodet kan vere. Om du har eit møte i Köln neste morgon kan du gå på toget kvelden før, sove heile natta, dusje og ete frukost på toget, og vere klar til møtet klokka 0700. Med overgangar til hurtigtog frå til dømes Hamburg, kan du nå mange store europeiske byar tidleg samme føremiddag.

Kva transportmiddel vil du helst ta til Europa?

Kva transportmiddel vil du helst ta til Europa?

Fly45
Tog (dag)56
Tog (natt)283
Båt7
Andre transportmiddel6
Svar totalt: 397

Statleg starthjelp

Back on track meiner ein måte å komme i gang på kan vere at den svenske staten kjøper inn togsett og leiger desse ut til ein operatør, slik staten gjer på nattoget til Lappland. Nettverket trur ikkje nødvendigvis det trengst støtte til sjølve drifta, men meiner ei slik ordning gjer det lettare å komme i gang.

Köln er ein av byane Back on track meiner det er mogleg å nå klokka 0700 etter ein tur med nattoget. Foto: Gregor Dengler/Flickr/CC BY-SA 2.0

Back on track peikar på kva dei reisande sparer på tid, pengar, hotellovernattingar og miljøsamvit som grunnar til at folk vil velje toget framfor fly.

– No aukar vi det politiske presset, mellom anna med ein underskriftsaksjon, skriv Kattler.

Naturvernforbundet i Norge er ikkje med i nettverket, men har arbeidd for betre nattog og betre togsamband mot kontinentet

– Vi har tatt det opp med norske styresmakter og også hatt felles utspel med andre organisasjonar i Sverige og Danmark, seier fagsjef Holger Schlaupitz i Naturvernforbundet.

– Fell på steingrunn

Han meiner det er mykje kapasitet på linjene, og dessutan tog som går i dag og kan forlengast til Oslo. Nattog går det ikkje, så der bør det uansett vere kapasitet, og ein måte å betre tilbodet før dei nye skinnene på norsk side skal vere ferdige innan 2034.

Holger Schlaupitz, fagsjef i Naturvernforbundet, meiner statleg starthjelp vil vere nok. Foto: Naturvernforbundet

– Hovudproblemet er at trafikken sør for Halden og over grensa ikkje får tilskot. Det gjer nattoget til dømes nattoget Oslo-Bergen. Og det får tilskot fordi det er eit viktig tilbod, seier Schlaupitz.

Han meiner, som Back on track, at ei statleg starthjelp kan løyse ut eit sjølvfinansiert tilbod.

– Kva respons får de frå styresmaktene?

– Vi synest det fell på steingrunn. Det er synd, for eg opplever at mange er interesserte i å ta tog på lengre reiser, seier Schlaupitz, som ofte får spørsmål om reisetips. Han er ein ivrig togbrukar.

Kan gå på dagens skinner

Framtida.no har tatt kontakt med NSB for å høyre om deira planar, men blir sendt vidare til Jernbanedirektoratet.

Ove Skovdahl har ansvar for regional samhandling på Austlandet, og følger også opp utanlandssambanda mot Gøteborg og Stochholm.

– Vi jobbar med å bygge fire spor mellom Oslo og Ski og to spor vidare gjennom Østfold. Det kan gje fleire tog og om lag ein halvtime kortare reisetid. Det hjelper godt på, men ikkje før i 2034, seier Skovdahl.

Hamburg kan fungere som knytepunkt mellom nattoget og lyntog til mange europeiske byar. Max Stolbinsky/Flickr/CC BY-SA 2.0

Konkrete planar for nattog er det derimot ikkje, men Skovdahl er einig i at det er eit tiltak som går an å få til på plass raskare enn nye spor mot Sverige.

– Det er eigentleg ikkje kapasiteten på infrastrukturen det står på, men at ingen har sett nokon marknad for det, seier han.

– Er det noko vi bør sjå på?

– Det går an å rekne på kostnadsbildet. Oslo–Malmø vil truleg tilsvare Oslo–Stavanger. Spørsmålet er om det er politisk vilje til å betale for toget og interesse blant kundane. Det blir uansett ei statsbudsjettsak om ein vil løyve pengane, både på norsk og svensk side, og det må vegast opp mot offentlege kjøp av annan trafikk, seier Skovdahl som er opptatt av at miljøvinsten blir liten om ingen brukar tilbodet:

– Det beste er at ein operatør føreslår nattog på kommersiell basis, for å køyre ei vogn på 64 tonn med 10 menneske i blir veldig mykje stål per person.

Offensive svenskar

Thomas Silbersky er konserndirektør for internasjonale saker i SJ. Foto: SJ

Thomas Silbersky er konserndirektør for internasjonale saker i det svenske togselskapet SJ. Dei siste månadane har han halde innlegg i Norge om SJ si satsing på Norge og korleis toget kan konkurrere med fly. Han har lova mange fleire avgangar mellom Oslo og Sverige når dei nye spora er på plass frå 2034.

– Vi ser oss ikkje berre som ein svensk togoperatør, men også som ein nordisk og nordeuropeisk aktør, seier Silbersky til Framtida.no

Han meiner det dei den næraste tiårsperioden vil bli betre infrastrktur over heile linja, med auka trafikk mellom dei tre hovudstadane i Noreg, Sverige og Danmark. Det skal bli naturleg å sette seg på eit tog i Oslo og reise mot kontinentet.

– Det kjem med stor sikkerheit til å skje, seier han.

– Men kva med nattog? Er ikkje det ein moglegheit for å komme i gang med ein gong?

– Det er spennande å sjå på, nattog er ein måte å betre tilbodet på, men til slutt er det etterspurnaden som avgjer. Det er kanskje ikkje heilt enkelt å skape stor etterspurnad, men vi synest det er interessant. Særleg det å kunne komme inn til hovudstadane i tide til å begynne arbeidsdagen.

– Men det er ingen konkrete planar?

– Nei, men mot Oslo har vi planlagt ei stor satsing på raske tog når spora er klare på norsk side.

– Vil offentlege rutekjøp gjere det meir interessant?

– Eg trur heller vi skal påstå at det er kommersielt interessant, for det er det det handlar om, og toget verkar å bli meir og meir attraktivt for kvart år som går.