Det er berre éin ting norske bønder «hatar» meir enn EU

Dyrevernorganisasjonar ligg nedst på lista over kor høg tillit ulike organisasjonar nyt hos bøndene.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske husdyrprodusentar har rett nok lite tillit også til EU, men tilliten til dyrevernorganisasjonar er endå lågare, ifølgje ei spørjeundersøking som er gjennomført av forskingsprosjektet Aniwel blant norske husdyrprodusentar.

Det skriv Nationen.

Tillit til Mattilsynet lokalt

– Ein tenker nok at dette er nokon som jobbar imot det ein sjølv arbeider for. Elles er det viktig å merke seg at husdyrprodusentane har høg tillit til Mattilsynet, og at tilliten er høgare til Mattilsynet lokalt enn sentralt, seier Oddveig Storstad, som er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) og ein av forskarane i Aniwel-prosjektet.

Til saman 1.546 husdyrprodusentar frå heile Noreg har svart på undersøkinga.

Svara konkluderer med at det er helsevesenet som nyt størst tillit, følgd av politiet, Norges Bondelag, Bonde og Småbrukarlaget og Mattilsynet lokalt.

Svinebråk, pelsdyr og rovdyr

Dei tre nedste plassane på lista som er attgitt i Nationen, er media, EU og dyrevernsorganisasjonar (sist).

Undersøkinga er tatt opp i ein periode med mykje uro, like etter at Mattilsynet gjennomførte ein omfattande tilsynskampanje for slaktegris i Rogaland også etter mykje debatt om pelsdyrnæringa og om beite og rovdyr.

Illustrasjonsfotoet eg har vald er den sjukaste grisen av dei 120 grisane eg har i fjøset nett no. Den har, truleg på grunn av eit halesår, fått leddbetennelse i venstre framfot, og er halt. Den er teken ut av bingen, og går no i ein sjukebinge med ekstra plass og ro for seg sjølv. I samråd med veterinær går den på ein antibiotikakur, og eg har trua på at den skal verte heilt frisk og rask att. Slik skal det vere, og slik ER det i dei aller fleste grisefjøs, skriv Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat