«Rommet mitt er under omflytting. Akkurat som eg»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Rommet mitt er under omflytting. Akkurat som eg. Det er flyttekassar og sekkar overalt. Dei kvite veggane er ikkje fylt opp med plakatar lenger. Dei er heilt nakne. Klesskapet er ikkje fylt opp med klede lengre.
Rommet mitt er tomt og utan personlegdom. Rommet mitt er trist og bart. Eg skal flytte og i likskap med rommet mitt er eg også trist.
Eg tenkjer på timane eg har brukt på rommet mitt.
Alle gongane eg har vore saman med venner og vi har fått helt latterkrampe. Alle gongane eg har gråte og det har verka som om alt var heilt håplaust.
Uansett kva har rommet mitt alltid vore der for meg. Alltid støtta meg og vore ein venn eg kan springe til. Ei skulder å gråte på, ein som berre lyttar, eller ein venn å le med. Rommet mitt har alltid vore ein trygg stad.
Uansett kva har rommet mitt alltid vore der for meg
Det er mange minner, og det blir trist å dra frå min trufaste venn.
For meg er ikkje ett rom berre eit rom. Eg tenker på alle gongene jeg har ommøblert. Rom forandrar seg med deg. Dei er heile tida med deg. Eg blir takknemleg fordi det spelar inga rolle kor mykje eg har rota eller skapt kaos. Det er ein stad som alltid er der, uansett kva!
Eg har mange minner på rommet mitt. Mange fine minner.
Det er ei ny byrjing. Både for meg og rommet mitt. Eg skal flytte inn på et nytt rom, skape ein ny personlegdom, og få ein ny trufast venn. Og det gamle rommet mitt skal få ein ny eigar. Eit nytt liv.
Både det gamle rommet mitt og eg skal ut på ei ny spennande reise fylt med tårer, latter, og kaos.
Eg er ikkje redd, for eg veit at uansett kva, er rommet mitt alltid ein stad eg kan få puste ut og vere åleine når eg treng det. Ein stad som berre er min. Ingen andre sin.
Har du noko på hjarta? Skriv til oss på framtida @ tips.no!
- Les også intervjuet med vinnaren Thale (14) frå Bindal i Nordland: – Det var eigentleg ganske utenkeleg at nokon herifrå skulle vinna