Linda Eide er årets «Storegut»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I ei tid der det norske språket er trua, insisterer ho venleg på nyanserikdomen i ord og uttrykk og hjelper oss såleis til å bli meir medvitne om korleis me brukar språket, heiter det i grunngjevinga til juryen.

Linda Eide er fødd på Voss og utdanna journalist ved Norsk Journalisthøgskole. Ho har jobba som journalist i NRK i mange år, først med radio og deretter med fjernsyn. Programma Norsk attraksjon og Eides Språksjov er godt kjente, og Eide har også gitt ut fleire bøker.

I juryen for Storegutprisen sit Guro Ljone, Ragnvald Christenson og Stein Versto. Dei peikar på at Eide er ein verdig og sjølvsagd kandidat til Storegutprisen.

Prisen blir delt ut årleg til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte brukar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

Prisen, som er kalla opp etter ein sentral figur i diktinga til Aasmund O. Vinje, blir overrekt på Litteraturdagane i Vinje i august.