Trump er ein eigen og tverr kar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I gårsdagens episode av «Eides språksjov» på NRK tok programleiar Linda Eide fram nynorskordbok frå 1985 og las definisjonen av ordet trump:

«Ein trump er ein stor, tung og stiv skapning. Det kan òg vere ein egen og tverr kar. Ordet trump er også eit adverb som betyr truging, tvang, press, makt eller hard metode,» forklarar ho.

Døma i ordboka er «å ta nokon med trump eller få gjennomført noko berre med trump,» skriv NRK.

– Vi kan gløyme det med spynorsk ordliste. Dette er spånorsk ordliste, seier Linda Eide i programmet.

nynorskordboka på nett kan ein òg lesa at trump kan vera ein geværkolbe.

På bokmål betyr det å vere trumpet eller trumpete å vera mutt, tverr og uomgjengeleg. Ordet kjem av dialektordet trump, som er «ein vrangvillig kar». 

President Donald Trump har allereie fått delar av æra for at «post-truth» vart kåra til årets ord av Oxford-ordboka.