Glattkøyring og langkøyring vert gyldig fråvær

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 1. august 2019 vert glattkøyring på bane, langkøyring og sikkerheitskurs på veg i variert trafikkmiljø gyldig fråvær for elevar i den vidaregåande skulen.

Grunnen til endringane er at desse obligatoriske timane er vanskelegast å kombinera med skulekvardagen, heiter det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Framleis fråvær

– Elevane må framleis rekne med å bruka fritimar, feriar og andre tidspunkt utanom skuletid til trafikkopplæring, sjølv om delar av trafikkopplæringa no kan unntas fråværsgrensa, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner i ei pressemeldinga.

Han gler seg over at fråværet har gått ned etter at den omstridde fråværsgrensa vart innført, men ser behovet for å leggja betre til rette for elevar som skal ta førarkort.

Vil ha gyldig fråvær for oppkøyring

Då forslaget var ute på høyring fekk regjeringa innspel om at også den praktiske førarprøven – altså oppkøyringa, bør bli gyldig fråvær.

Dette forslaget vil regjeringa vurdera i samband med evalueringa av fråværsgrensa i 2020.

Administrerande direktør i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Torgeir Abusdal, stiller seg uforståande til at at den praktiske førarprøven ikkje er gyldig fråvær.

– Endringane som no kjem er velkomne, men løyser berre litt av problemet og viser at myndigheitene ikkje skjønar at førarkort er samfunnsnyttig, og god trafikkopplæring er viktig for å hindre drepne og skadde i trafikken, seier Abusdal i ei pressemelding.