Trafikkskulane vil ha automatgir som hovudregel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trafikkskulane vil at alle skal køyre opp med automatgir

Av alle bilar som vart selde i Noreg i 2018 var over 90 prosent utstyrt med automatgir. Delen er venta å auke i åra framover.

– Regjeringa har eit mål om at alle skal køyre nullutsleppsbilar, og desse bilane har automatgir. Det er bra for trafikktryggleiken, og det vil mest sannsynleg bli billegare å ta lappen, seier Høgres Helge Orten som òg er leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

LES OGSÅ: Fleire tek førarkort berre for automatgir

Kan heller konsentrere seg om trafikkbildet

Direktør i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund (ATL), Torgeir Abusdal, seier forslaget vil vere ein fordel både for elevane og for skulane. I tillegg vil det vere viktig frå eit trafikktryggleiksperspektiv.

– Vi veit at mange ferske bilførarar fokuserer mykje på det reint køyretekniske. Med automatgir slepp ein å konsentrere seg om korrekt girval og kan i større grad konsentrere seg om trafikkbildet. Vi trur dette vil gi færre ulykker, seier Abusdal.

Regelverket i dag gir automatisk førarrett på bilar med automatgir om ein køyrer opp med ein manuelt gira bil. Men køyrer ein opp på ein bil med automatgir får ein ikkje rett til å køyre manuelt gira bilar.

Forslaget er at elevar som køyrer opp på automat og finn ut at dei har behov for førarkort for manuell bil, kan få denne retten ved å ta nokre timar obligatorisk opplæring på manuell bil hos ein trafikkskule seinare.

– Dette er eit forslag der alle er vinnarar. Elevane sparer pengar, det blir enklare for trafikkskulane og trafikktryggleiken aukar, seier Orten.

LES OGSÅ DENNE SPESIELLE HISTORIA: Trillingar tok lappen, på same dag!