Nokre menn, som «berre ville prata litt», har festa seg betre enn andre

Rebecca Storevik (28), Bergen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert i Bergens Tidende.

På sosiale medium held den nye emneknaggen #VilleBarePrateLitt  på å ta av. Kvinner fortel historier om sine opplevingar med pågåande, snakkesalige menn. Forteljingane er attkjennande.

Sjølv kunne eg ha byrja i 2003, før eg fylte 13.

Eg hadde byrja med vaksne menn, som sa eg såg eldre ut, som sa dei skulle ønskje eg var eldre, som sa at alder ikkje hadde så mykje å seie når ein var så moden som meg. Som 12 år gamle meg.

Eg hadde avslutta med han på bussen måndag, som sa at eg var keisam og dessutan stygg uansett, fordi eg sa at eg gjerne ville lese og høyre musikk i staden for å prate.

Eller kanskje med han førre fredag, som tok handa mi utanfor Bystasjonen og ikkje ville sleppe før han hadde fått fortalt meg at eg var pen, som prøvde å dra meg mot kompisen sin etterpå.

Nokre menn, som berre ville prata litt, har festa seg betre enn andre.

Ein av dei var fyren på nattoget som heldt augnekontakt med meg, medan han strauk seg på pikken, for så å følgje etter meg på togstasjonen og spørje om eg ikkje var litt ung til å reise aleine om natta.

Ein annan er han som sa eg var pen og bad om nummeret mitt. Eg takka for komplimenten og sa at eg ikkje var i marknaden for nye vener, og han greip handleddet mitt og ville ikkje sleppe før kompisen eg skulle treffe, fann meg.

Eller han i Oslo som følgde meg frå Frognerparken til Sofienbergparken, så eg måtte ta drosje for å kome meg unna, etter å ha forsøkt å byte trikk, buss og bane fleire gonger. Han ville berre bli kjend med meg då eg gjekk frå venene mine som sola seg i Frognerparken, og eg prata høfleg tilbake, men han skulle tilfeldigvis same vegen som meg. Til og med då eg snudde og drog mot Frogner igjen, skulle han tilfeldigvis same vegen.

Eller han som, då eg avviste han, greip tak i meg og gav meg pengar og brølte. «SÅNN DÅ?!», nokre millimeter frå fjeset mitt. Som gjekk då eg byrja å gråte. Håpar personen som fann pengane på bakken, kjøpte seg noko fint.

Eller han som sa det var synd eg kjente bartenderen og ikkje kunne få «noko i glaset som kunne overtalt deg til å bli med meg på rommet». Eg veit enno ikkje om han snakka om meir alkohol eller noko anna. Då eg sa til han at eg hadde sambuar, sa han at det ikkje gjorde noko for han.

Eller han som følgde etter meg frå ein konsert på festival og skulda meg for å vere luremus, då han såg at eg ikkje budde aleine i teltet. Han som eg ikkje hadde utveksla eit ord med før.

Likt for alle desse forteljingane er at eg hugsar dei.

Eg hugsar ikkje alle som har godteke at eg ikkje er interessert, eg veit sjølvsagt ikkje kor mange som med rette har oppfatta bok og høyretelefonar som signal på at eg ikkje vil prate.

Eg har hatt mange hyggelege interaksjonar med framande. På biblioteket, på utestadar, i parkar og andre stadar. Det dei har til felles, er at dei har oppsøkt meg med augnekontakt og kroppsspråk først.

Derfor reagerer eg på ytringa til Markus Sanden i NRK Ytring. Fordi det står fram for meg som han i staden for å ta signala frå kvinner, ser dei som eit hinder å overkome.

Eg har meir tru på menn enn det ser ut som at mange menn i kommentarfelta har.

Eg trur at mennene som gjer dette veit at dei tråkkar over ei grense, som Sanden sjølv erkjenner. Dette er ikkje klønete flørting.

Dei ubehagelege mennene som vil dytte sjenerte og usikre menn framfor seg i kommentarfelta, bør skjerpe seg.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no