Éin av tre vil ha elbil som sin neste bil

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga, som tar for seg haldningane til nordmenn og handlingar i trafikken, viser at 35 prosent svarer at dei vil velje elbil som sin neste bil. Det er ein auke frå 28 prosent for to år sidan, opplyser NAF i ei pressemelding.

Nesten halvparten av dei yngre svarar at det blir elbil ved neste bilkjøp. Blant dei som allereie har gått frå bensin- og dieselbilar, vil to av tre halde fram med elektriske køyretøy.

– Dei som har tatt spranget frå bensin- og dieselbil til elbil, synest tydelegvis ikkje at kvardagen med elbil er vanskeleg. Og dei har nok også merka at det er mange fordelar med elbil, særleg når det gjeld drivstoffkostnader, seier senior kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF.

Les også om dei fire gutane som sette rekkeviddeangsten på prøve ved å køyre 6000 kilometer med elbil: frå Nederland til Polarsirkelen. 

Mange er usikre

Men det er framleis mange som sit på gjerdet og er usikre på om dei skal gå for elbil ved neste bilkjøp. Undersøkinga avdekkjer at 40 prosent er usikre, noko som er like mange som i 2017.

Det kan indikere at ein ikkje er i mål med elbilpolitikken, ifølgje NAF. Sødal meiner at talet på usikre forbrukarar indikerer at føreseielegheita rundt avgiftsfordelane må haldast oppe.

– Det er for tidleg å fjerne elbilfordelane no om ein skal nå målet om berre nullutsleppsbilar i 2020, seier han.

Ingen distriktskommunar er i nærleiken av Overhalla si satsing på elbilar: – Oppsiktsvekkande at ikkje fleire satsar

elbil

Ordførar Per Olav Tyldum (t.h.) saman med Jens Himo Vold (t.v.) og Trond Andre Geving (midten). Foto: Overhalla kommune