Snart mogleg å leige e-lydbøker frå folkebiblioteka

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette betyr at norske folkebibliotek snart kan låne ut digitale lydbøker til brukarane sine. Fram til no har biblioteka berre unntaksvis kunna tilby norske digitale lydbøker til brukarane sine fordi forlaga har halde tilbake på sal av e-lydbøker til utlån i bibliotek.

– Eg er svært glad for at Nasjonalbiblioteket har funne ein modell som Forleggarforeininga stiller seg bak, slik at biblioteka kan gi brukarane sine eit fullverdig lånetilbod, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.

Lurer du på i kva lydbok-ende du skal byrje? Her er 12 gode sakprosatips!

Balanse mellom tilbod og inntekt

Nasjonalbiblioteket har gjennom det siste året hatt fleire samtalar og møte med bransjeorganisasjonane for å finne ein modell for e-lydbøker i bibliotek som alle kan einast om.

– Vi har lagt vekt på å finne den nødvendige balansen mellom behovet til biblioteka for å kunne tilby digitale medium, og behovet til forlaga for å kunne utvikle forretningsmodellar som sikrar inntekter til forfattarar og forlag også i framtida, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Les også om fjorårets rekord: – Aldri har fleire nordmenn brukt biblioteka

Veksande etterspurnad

Bruken av lydbøker har dei siste åra hatt stor utbreiing i den norske befolkninga. Dette har medført ein veksande etterspørsel etter lydbøker i biblioteka.

– Digitale lydbøker er på den eine sida eit fantastisk enkelt og viktig tilbod til lånarane, på den andre sida opnar det for ein ny type økonomisk risiko for både biblioteka og forlaga. Det er derfor viktig å sjå dette som ein prøvemodell der begge partar haustar erfaringar som kan brukast til å vidareutvikle tilbodet, seier Sira Myhre.

I Nasjonalmuseets tilråding til modell for utlån av digitale lydbøker i folkebiblioteka kjem det mellom anna fram at biblioteka bør ha tilgang til å kjøpe digitale lydbøker som er gitt ut av norske forlag, for å låne dei ut til brukarane sine. Det blir òg tilrådd at prisen på digitale lydbøker til biblioteka er den same som utsalsprisen på digitale lydbøker i marknaden.

Treng du lesestoff medan du ventar på lydbøkene? Her er ti tips frå alle krokar og krikar i verda.