Nasjonalbibliteket jublar over rekordstor bibliotekbruk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei undersøking svarer 54 prosent av folket at dei har vore på eit folkebibliotek det siste året, skriv Nasjonalbiblioteket i ei pressemelding.

Før bibliotekstrategien blei starta opp i 2015, var det 40 prosent av folket som svarte det same.

– Aldri har fleire nordmenn brukt biblioteka. Dette er eit direkte resultat av den nasjonale bibliotekstrategien, seier Aslak Sira Myhre, som er nasjonalbibliotekar.

Har du lese alt av Harry Potter? Test Potter-kunnskapane i vår ekspert-kviss!

Boklån, besøk og gruppearbeid

Kulturminister Trine Skei Grande er like nøgd med dei gode tala som nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre Foto: Rami Tayeh, Nasjonalbiblioteket

Det er framleis boklån dei fleste bruker biblioteket til, men det har også vore ein stor vekst når det gjeld å besøkje biblioteka i samband med arrangement. Det er også fleire som bruker biblioteket til å gjere lekser og ha gruppearbeid på i dag enn det var før strategiperioden starta.

Kulturminister Trine Skei Grande er nøgd med resultatet og seier at biblioteka har blitt dei møtestadene dei ønskte at dei skulle bli.

– No startar arbeidet med å leggje ein ny bibliotekstrategi, som skal gjelde frå 2020, seier ho.

Ikkje vore på biblioteket på ei stund? Treng du inspirasjon? Her er 10 gode bøker for ungdom: