Ein kinesisk romsonde har landa på ein tidlegare uutforska del av månen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til torsdag norsk tid, landa den kinesiske romsonden Chang’e-4 på den sida av månen som vender vekk frå jorda.

Det melder den statlege TV-kanalen CCTV.

Månen roterer rundt si eiga akse på ein slik måte at det alltid er same sida av overflata som vender mot jorda. No er omsider det første bilete av den mørklagte, og uutforska delen av månen tilgjengeleg.

Les også reportasjen om dei unge verdsromentusiastane på European Space Camp på Andøya i Nordland: – Eg kan ikkje tru det me har gjort! Me har skote opp og bygd ein eigen rakett!

Utfordrar NASA

Forskningssjefen i Norsk Romsenter, Terje Wahl, uttrykker si begeistring til VG:

– Dette er jo ei romfartshistorisk hending reint teknisk fordi dei har gjort noko som ingen andre har gjort før.

Han seier vidare at den kinesiske romfarten no utfordrar det amerikanske romfartsbyrået NASA om å vere dei som gjer mest og kan mest om verdsrommet, med sitt omfattande romprogram.

Chang’e-4 skal etter planen utføre fleire eksperiment på den fjerne sida av månen, mellom anna av det store krateret Von Kármán. Etter at romsonden vart skoten opp tidleg i desember skreiv NRK at Chang’e-4 mellom anna har med seg frø frå plantar og egg frå insekt, og at kinesarane vil undersøke kor vidt desse kan spire og gro saman i den låge tyngdekrafta på månen.

Her kan du sjå ein video om den historiske landinga: