Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anne (18): – Eg kan ikkje tru det me har gjort! Me har skote opp ein rakett!

– Oppskytinga var ein stor suksess. Raketten flaug 9 kilometer, noko som er fantastisk! jublar Jack Nelson på telefon til Framtida.no.

Frå torsdag 9. august til 16. august har 23 ungdommar frå Noreg, New Zealand, Polen, Tyskland, Tsjekkia, Sveits og Sverige vore samla på European Space Camp på Andøya i Nordland.

Leiren er eit tilbod for realfagsinteressert ungdom i alderen 17-20 år frå heile verda. Bak tiltaket står Team Space Camp, som består av tidlegare deltakarar, i samarbeid med NAROM (Norsk Senter for Romrelatert Opplæring) og Andøya Space Center.

Les også: Organisk materiale funne på Mars

Team og kommunikasjon

Jack Nelson frå Whakatane i New Zealand går siste året på vidaregåande og er ikkje i tvil om kva han vil vidare:

«I would love to study aerospace engineering!» seier 17-åringen.

Draumen er å jobbe i anten det newzealandske selskapet Rocket Lab eller SpaceX, som Tesla-gründer Elon Musk står bak.

Diverre er det ingen utdanningsinstitusjonar i heimlandet som tilbyr luftfartsteknologi og 17-åringen har difor byrja å sjå på tilbod i utlandet. På leiren har han lært mykje nytt og fått inspirasjon til å halde fram med interessa.

– Det er veldig verdifullt å ha kontaktar. Industrien handlar om team, ein kan ikkje sitje åleine og gjere ting, svarar Nelson på spørsmålet om kva som er det nyttigaste han tek med seg i bagasjen.

17-åringen har alltid interessert seg for matte og fysikk, så mykje at han faktisk fekk hoppa opp eitt nivå i matematikk på skulen og allereie har gjort si fyrste oppgåve på universitetsnivå.

– Eg elskar rakettforskning, fordi det er ein kombinasjon av matte og fysikk, seier newzealendaren.

Les også: 60 år sidan romhunden Laika døydde

Jack Nelson (t.h) frå Whakatane i New Zealand fekk tips av læraren om å om plass på European Space Camp. Royal Society of NZ dekte 70 prosent av kostnadane og det lokale bystyret bidrog med resten. Her saman med Andreas Myklebust frå Ørsta. Foto: European Space Camp

Mongoose-rakett

Det store høgdepunktet var då deltakarane tysdag denne veka fekk skyte opp sin eigen rakett, ein 2,7 meter lang Mongoose, som med motor og nyttelast vog 17,279 kg.

I kontrolltårnet sat 18 år gamle Anne Svindland Nijdam frå Stavanger, som head of operations.

– Eg kan ikkje tru det me har gjort! Me har skote opp og bygd ein eigen rakett! Det er nesten uverkeleg at det har skjedd, seier ho oppglødd på telefon.

Elevane var nemleg delt inn i grupper som jobba med ulike delar av oppskytinga, akkurat som i ein ekte rakettkampanje. Dei hadde oppgåver som å lodda sensorane til å gjere målingar, utføra aerodynamisk analyse og henta inn data frå raketten under oppskytinga. Etterpå skulle dei analysere og presentere funna.

Anne Svindland Nijdam brukar superlativ som «fantastisk» og «dritkult» om å sitja i kontrolltårnet og snakka på interkommen under oppskytinga.

– Ein har jo høyrt stemma frå oppskytingane på film, den som seier «ready to go» og «no go». Det var fantastisk å få vere med på alle prosedyrane, seier Nijdam.

Les også: – Månen er eit svært eksotisk reisemål

Nerdehimmelen

Nijdam byrjar tredje året på forskarlinja ved St. Olavs videragåande skule denne hausten.

I tillegg til å få sett kunnskapen ut i livet for å byggja ein eigen rakett, har noko av det største vore å møta anerkjente førelesarar og likesinna leirdeltakarar frå heile verda.

– Det er nerdane sin himmel. Dei som kjem hit er dei som gjer det best på skulen, så ein kan kome med rare naturfagvitsar som alle ler av. På vidaregåande er ikkje matte og trigonometri dei kulaste temaa å snakke om på kveldane. Det er ikkje mange som i ein alder av 17-18 år har bygd ein rakett og har det som sin… kva er det norske ordet? …passion! Lidenskap! seier Nijdam, som har snakka engelsk heile veka.

Webmaster og presseansvarleg for leiren Astrid Prestegård (22) fortel at dei fleste deltakarane kjem frå vidaregåande skular, der det gjerne ikkje er kult å diskutera rakettar og fysikk.

Fysikkstudenten deltok på leiren i 2015 og har sidan den gongen vore ein del av det frivillige Team Space Camp, som arrangerer sommarleiren.

– For meg så var det så bra, at eg har lyst å gje andre moglegheita til å bli med, forklarar ho.

– Eg synest det er ein sjukt spesiell leir, der ein får møte så mange kule og interessante menneske, seier webmaster Astrid Prestegård. Etter å ha vore deltakar i 2015 har ho vore med å arrangere leiren. Foto: European Space Camp

Kjempar for kjønnsbalanse

Prestegård har inntrykk av at fleire europeiske land satsar tidlegare på å gje dei flinke elevane moglegheiter. Men når det kjem til likestilling i realfag meiner ho Noreg er komen lenger.

– Det har lenge vore slik at det har vore flest menn i fysikken. Eg har gått to år på NTNU og eg har aldri hatt ein kvinneleg førelesar. På leiren prøvar me å ha ein 50-50 balanse. I år er det 10 jenter og 13 gutar. Det som er fint er at ein får vist fram at jenter kan drive med realfag og rakettar, seier Prestgård.

Sjølv har 22-åringen frå Sandnes vorte svært inspiret av møte med Sophie Allan frå National Space Academy i Leicester, England. Fysikkprofessoren har vore med og undervist på leiren dei ni siste åra.

– Ho er skikkeleg «girlpower», smart og flink. Ho er ei rå dame og ein av dei som har inspirert meg mest. Ho er veldig pedagogisk og nyttar mange eksperiment. Det er på grunn av ho at eg har lyst å ta pedagogikk og bli lærar, seier Prestegård.

Anne Svindland Nijdam er einig i at det framleis ikkje er full likestilling i realfaga, men at det er i ferd med å endre seg. Ho meiner ulikskapane skriv seg tilbake til barndommen, der ein behandlar jenter og gutar ulikt. definitivt framleis ein kjønnsforskjell, men det blir betre og betre.

– Eg trur det er tyngre for jenter å hevda seg i realfag. I dagens ingeniørfag er det framleis menn som er leiarane, men det trur eg vil endre seg til neste generasjon, seier Nijdam, som gjerne vert med på den endringa.

Sophie Allan frå National Space Academy i Leicter, England, lærer deltakarane fysikk og viser fram ein bit av solcellepanelet frå Hubble-teleskopet. Foto: European Space Camp

Draumen om NASA

For 18-åringen frå Stavanger er draumen utan tvil å studere luftfartsteknologi i Delft i Nederland og få ein jobb innan romfart. Draumen er å jobbe for NASA eller SpaceX, eitt av dei store firmaa og gjere ein liten forskjell for å bringe kunnskapen framover.

– Det verkar som eit enormt kult felt å jobbe i. Det er kanskje ikkje den beste løna, men eg kunne gjort det gratis. Det er fantastisk å kunne skyte noko opp i universet for å utforske det ukjente, som me menneske eigentleg ikkje har rett til enno, men me gjer det likevel.

Kor kjem denne interessa frå rakettar frå?

– Det har eg lurt på sjølv. Eg veit ikkje heilt korleis det skjedde, men eg har alltid likt realfag. Eg tykkjer det er interessant med astrofysikk og astronomi, svarar Nijdam.

I tillegg gjev ho litt av æra til faren si interesse for SpaceX og ein klassetur til Airbus-fabrikken i Toulouse i Frankrike.

– Eg har alltid likt ei utfordring. Frå eg var lita har eg høyrt at: «Det er ikkje akkurat rakettforsking». Då byrja eg å lure på kva det var, og tenkte at om eg lærer meg rakettforsking, då kan eg alt.

– Det er like viktig med kvinner som menn i realfag. Kvifor skal me ikkje drive med det? Det er ingen spesiell formel. Det er berre matte og fysikk, som er dritkult, seier Anne Svindland Nijdam, som saman med Ingrid Johanne Paulsen Bakken (18) frå Lyngen kom på 2.plass i tevlinga om å skyte ein rakett lengst mogleg med sykkelpumpe. Foto: European Space Camp.

European Space Camp

  • Er ein årleg sommarleir for ungdom i alderen 17-20 år på Andøya Space Center
  • Målet er å fremma vitskap, og inspirere ungdom til å velje ein karriere innan realfag og teknologi
  • Det er 23-26 plassar opne for søkjarar frå heile verda
  • Space Camp Andøya vart første gong arrangert i 1996
  • Arrangørane er Team Space Camp i samarbeid med NAROM (Norsk Senter for Romrelatert Opplæring) og Andøya Space Center
  • Alt føregår på engelsk og norske søkarar minst ha «Matematikk for realfag 1» og «Fysikk 1».
  • Søkjarar kan vinne ein plass gjennom Unge forskere, søke plass direkte til European Space Camp, eller gjennom enkelte fylkeskommunar, som sponsar plassar på leiren.
  • Deltakinga er finansiert av sponsorar