Tre elevar frå Hordaland har gått saman om å opprette facebookgruppa «Wait for it 2020» for å inkludere alle i russefeiringa.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ingen skal kjenne seg åleine. Nokon får ikkje vere med i russegjengane. Det er vi leie av, seier Victoria Halleraker til NRK.
Halleraker, Hanne Stranden Oma og Alvilde Hellebø merka at klassemiljøa deira allereie har byrja å bli splitta nesten eitt år før russefeiringa. Dei fortel at i klassene deira samlar medelevar inn pengar, skriv kontraktar og planlegg ferieturar til Kos og Geilo.
Visste du at det i år også fanst feministruss? Les om dei alternative russeknutane deira her!
Skal hindre einsemd
Da dei sjølve vart utanfor, tenkte dei det nok var mange andre i same situasjon, og ville snu det til noko positivt som kan hindre at andre elevar blir einsame. Difor oppretta dei facebook-gruppa, der alle skal vere velkomne.
«Wait for it 2020» skal ha den første samlinga si etter sommaren og ynskjer medlemmer frå heile Noreg. Jentene skal til Landstreffet i Stavanger og håpar så mange som mogleg kan samlast der.