WHO: Datingappar bidrar til å bremse kampen mot kjønnssjukdommar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk blir meir avslappa når det gjeld vern, og det er farleg i ei tid der sex har vorte meir tilgjengeleg på grunn av ting som datingappar, seier Teodora Wi, ekspert på seksuelt overførbare sjukdommar i WHO.

Dagleg blir det registrert éin million nye tilfelle av kjønnssjukdommar eller infeksjonar som kan behandlast, ifølgje WHO. Det er omtrent det same talet frå førre WHO-rapport om temaet, som er frå 2016.

Den gong vart 376 millionar tilfelle av klamydia, gonoré, syfilis og trichomonas-infeksjon registrert. Talet på smitta den gongen var om lag på same nivå som i 2012.

Les også: – Når vaksne pratar alvor om sex, så pratar dei til jentene, meiner sekualopplysar Inti Chavez Perez

For lite kondombruk

Wi i WHO seier kondombruk kan ha gått ned etter at legemiddel som tar knekken på virus, har vorte meir tilgjengelege.

WHO åtvarar òg mot seksuelt overførbare infeksjonar, som er vanskelege å oppdage sidan det ikkje er openberre tidlege symptom. Dersom infeksjonane ikkje blir behandla, kan det føre til alvorlege kroniske sjukdommar, inkludert hjartesjukdommar og nevrologiske sjukdommar.

– Vi ser på det som ein skjult epidemi, ein stille epidemi, ein farleg epidemi, seier Melanie Taylor, ekspert på seksuelt overførbare infeksjonar i WHO.

Les også: Kroppspositivist etterlyser meir fokus på positiv seksualitet

Ber verda vakne

Peter Salama, direktør for avdelinga for helsedekning i WHO, seier i ei fråsegn at dei ser mangel på framgang blant land for å stoppe spreiinga av seksuelle overførbare infeksjonar over heile verda.

Han seier rapporten dei kjem med, bør vere nok til å få styresmaktene i verda til å vakne for å sikre at alle har tenester som gjer at folk kan verne seg og få behandling for infeksjonane.

Likevel – i fleire land går fødselsraten ned og den seksuelle debutalderen er på veg opp. Kvifor har unge rundt om i verda så lite sex?

Trass i frilynte haldningar og nye sjekkeappar har ungdom verda over mindre sex. Nokon meiner kroppspresset i sosiale medium kan vere delar av årsaka. Illustrasjonsfoto: BRUNO CERVERA, Unsplash.com