Expressen oppretter eigen klimaredaksjon

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den svenske avisa Expressen har fått eit stadig større fokus på klima i journalistikken.

I slutten av mai annonserte avisa at dei ville publisera daglege oppdateringar om CO2-nivået i atmosfæren.


Nå skal avisa tilsetta fem personar som utelukkande kjem til å dekka klima.

– Det her er det mest aktuelle emnet å dekka nett no, seier nytilsett klimaredaktør Emma Boëthius til Expressen. Boëthius kjem frå nyhendebyrået Siren.

Saka vart først omtalt i Noreg av fagbladet Journalisten.no.

Klimadekning i endring

Tidlegare har strategien til avisa vore at alle avdelingar skal dekka klima, i staden for å ha ein einsam klima- og miljøjournalist med ansvar for området. Nå vil dei i staden gjera begge deler, der klimaredaksjonen blir sidestilt med til dømes økonomi og sportsredaksjonen.

På sine nettsider oppgir Expressen at journalistar ikkje er gode nok på å rapportera «business as usual», slik som klimakrisa. Ein skal alltid grava fram noko nytt og overraskande, som tidlegare var ukjend.

Men slik kan ein ikkje dekka klima. Klimakrisa er alt bevist av forskarane, og finst rett foran augo våre, skriv avisa.

Den nye satsinga er inspirert av The Guardian, som nyleg gjekk inn for å endra språkbruken sin om klima.

Framtida.no har spurd ein språkforskar og klimapsykolog om korleis denne nye språkbruken kan redda klimaet:

Ein av elevane som streika for klima fredag 24. mai. Foto: Mateo Jimenez Tilrem