Mimmi Tamba er nominert til Heddaprisen: – Så sjukt!

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Så sjukt! Eg har vorte nominerte til Hedda for beste kvinnelege skodespelar/medspelar, skriv Mimmi Tamba på Facebook-sida si.

Her gratulerer ho både «Lazarus»-regissør Anders T. Andersen og det mykje omtalte stykket «Ways of Seeing», som knivar med David Bowie-musikalen om å bli årets framsyning.

Mimmi Tamba er utdanna ved Det Norske Teatret si eiga skodespelarutdanning «Det multinorske». Ho har tidlegare spelt i musikalsuksessen «Book of Mormon», som har gitt Det Norske Teatret rekordhøge besøkstal.

28-åringen, som er fødd og oppvaksen i Tromsø, vart kjent for norske tv-sjåarar som deltakarar i «Stjernekamp» allereie i 2013.

Frå «Book of Mormon» til «Lazarus»

Tamba er Hedda-nominert i kategorien for beste kvinnelege skodespelar/medspelar, i konkurranse med Stine Fevik og Anne Krigsvoll.

Her kan du sjå lista over alle dei nominerte.

Ifølgje iTromsø vart Mimmi Tambas innsats i «Lazarus» trekt fram som eit høgdepunkt i nesten alle meldingar. Det er særleg tolkinga hennar av « Life on Mars? » som begeistra:

Mellom anna kalla VG framføringa for «nydelig og berørende», og skreiv vidare at Tambas «sceniske utstråling og sangstemme har ein styrke i seg som rører dypt inn i hjerteroten».