Det Norske Teatret set opp «Ways of Seeing»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teaterframsyninga Ways of Seeing på Black Box teater i Oslo vart Noregs mest omtalte teaterstykke i 2018 etter å ha spelt berre åtte førestillingar i november.

Fredag kom nyheita om at stykket skal setjast opp under den årlege teatermønstringa Heddadagane i Oslo. Frå 13. til 15. juni skal stykket visast fire gongar på Scene 2 på Det Norske Teatret.

I år er tredje året for Heddadagane som er ei landsdekkande teatermønstring der 48 ulike førestillingar vert spelt på scener frå Kristiansand i sør til Kautokeino i nord.

Mønstringa, som varar frå 11.-18. juni, spring ut av Heddaprisen og det vert difor høve til å sjå dei nominerte stykka.

Sjølve prisutdelinga finn stad på Det Norske Teatret 16. juni.

Les også: Historisk gode besøkstal for Det Norske Teatret

Teatret: – Av offentleg interesse

Ways of Seeing er skrive og sett opp av regissør Pia Maria Roll, Marius von der Fehr, Sara Baban og Hanan Benammar. Kunstnarane brukar sine eigne erfaringar og historiar inn i det politiske ordskiftet.

I ei pressemelding skriv Det Norske Teatret at ei framsyning som har skapt så mange debattar og skarpe frontar i ordskiftet er av offentleg interesse.

– Som eit bidrag til den opplyste samtalen ønsker Det Norske Teatret å legge til rette for at folk kan danne seg ei mening på bakgrunn av det faktiske verket, skriv dei vidare.

Det mykje omdiskuterte stykket vert på nettsidene til Black Box skildra som ei reise gjennom maktens rotsystem, på jakt etter samanhengane mellom overvaking, rasisme og frykt.

«Ways of Seeing» utforska temaet ovarvaking og grensene mellom kva som er lov og ikkje. Foto: Leif Gabrielsen/Black Box teater

Debatten er ikkje over

Stykket fekk for alvor merksemd i pressa etter at Tor Mikkel Waras sambuar Laila Bertheussen skreiv ein kronikk i VG. Ho kritiserte kunstnarane for å invadera privatlivets fred fordi dei brukte bilete av huset deira i stykket.

I byrådet fremma FrP forslag om å trekke den kommunale støtta til Black Box Teater, eit forslag som ingen andre parti støtta.

I ein kort periode var teaterdirektøren for Black Box teater og tre av aktørane sikta av politiet på grunn av førestillinga, før politiet sikta Bertheussen for å sjølv ha sett fyr på familien sin bil.

– Justisminister Tor Mikkel Wara måtte forlate statsrådsposten, men debatten rundt Erna Solbergs utsegn og pressens handsaming av saka, er ikkje over. Aldri tidlegare har ei teaterframsyning vore utgangspunktet for tilsvarande merksemd og engasjert debatt, skriv Det Norske Teatret.

Les også: Musikalen «Lazarus» er vårens storsatsing på Det Norske Teatret

Tromsø og Festspillene

Det Norske Teatret er ikkje åleine om å ville sikre seg fjorårets store politiske teatersnakkis.

Allereie i morgon kan dei som har sikra seg billettar til den utselde førestillinga under Vårscenefest i Tromsø sjå stykket. Dei 100 billettane vart rivne vekk på ti minutt då dei vart lagt ut i mars, ifølgje iTromsø.

Stykket skal òg setjast opp to gongar under Festspillene i Bergen 30. og 31. mai.

– Eg kan ikkje hugse å ha sett ei sak i vår del av verda, med utgangspunkt i ei teaterførestilling, som i like stor grad som dette har sett tilliten til politikarar og samfunnet på prøve. Mange har meint mykje om teaterførestillinga Ways of Seeing utan å ha sett ho. Me ønskjer å gje fleire moglegheita til nettopp det, seier festspilldirektør Anders Beyer i pressemeldinga frå Festspillene.