Med litt teatererfaring kan du naile skuleframføringar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mathilde Jordåen Molvik (t.v) og Vanja Kristine H. Nilsen fortalde om gleda ved teater.

– Vi får brukt våre kreative sider i samspel med andre for å skapa noko som er interessant for oss sjølve, men òg noko vi kan formidla for andre, seier Mathilde Jordåen Molvik.

19-åringen har drive med teater sidan ho gjekk i femte klasse.

Vanja Kristine H. Nilsen (20) har på si side stått på scena sidan ho var sju år gammal:

– Eg kan jo eigentleg kalle med ein veteran, seier Vanja.

Les også reportasjen frå Rommen scene:– Når det i haust vart mørkare og mørkare skriverier om Groruddalen i avisene, så vart det fullare og fullare på Blokk til blokk her på huset

Endelaust med mogelegheiter

Foto frå PechaKucha-føredraget til Vanja Kristine H. Nilsen og Mathilde Jordåen Molvik.

Med glimt i auge og eit lyttande PechaKucha-publikum fortel dei to teaterentusiastane at det finst knapt grenser i teaterverda.

Dei har vore med i musikalar, drive med barneteater og ungdomsteater, halde monologar, vorte hyra inn som konfransierar, delteke i uteoppsetjingar og framsyningar på museum.

– Vi veit eigentleg aldri kva som kan skje. Når du har teater som fritidsaktivitet, så kan basically alt prøvast ut, forklarar Vanja og legg til:

– Du leikar og ler heile tida, og det er knallkjekt!

Drøymer du om å bli skodespelar? Heddanominerte Reidun (25) fortel om yrket sitt!

«Bjuda på»

Kven som helst kan byrje med teater, understreker Vanja, men ho fortel at det er nokre eigenskapar som er gode å ha.

– Det er ein fordel å vere nysgjerrig, energisk, å ha evne til å lytte, leikelyst, og ikkje minst å kunne by på seg sjølv.

Samstundes er det også mykje venting i teaterkvardagen, og det er difor viktig å vere tolmodig og fokusert.

Vert du usikker om du ikkje har alle desse eigenskapane? Frykt ei, fortel Vanja og Mathilda: Alt kan lærast!

Det viktigaste er likevel å samarbeide.

– Vi skal tilpasse oss situasjonar som andre lagar. Og bruke mogelegheitene til å gjere noko uventa. Vi skal kaste ball til kvarandre, og om ballen dett i bakken – då har vi mista publikum, forklarar Mathilde.

– Samhaldet i gruppa veldig viktig for kor kjekt det blir. Når vi jobbar så tett i lag, så blir vi veldig samansveisa, fortel Mathilde. Foto frå PechaKucha-føredraget til Vanja Kristine H. Nilsen og Mathilde Jordåen Molvik.

Les også om Linn (18) som lagar poesi om valdtekt og teikneseriar om livet: – Eg vil få folk til å le først og tenkje etterpå

Lærdomar for kvardagen

Etter mangfaldige år og tallause framsyningar sit dei to også att med ei rekkje lærdomar.

– Gjennom teater har vi lært mykje vi kan ta med ut i det daglege livet. Det å setje seg inn i andre sine situasjonar, men og å naile framføringar, seier Mathilde.

19-åringen fortel at det også personleg har vore ei god erfaring å drive med teater:

– Ein vert heile vegen pusha til å gå utanfor komfortsona, som har gjort at eg har vorte trygg på meg på andre, men òg meir trygg på meg sjølv.

Vanja er meir enn einig.

– Eg veit ikkje om eg hadde vore den personen eg er i dag, om det ikkje hadde vore for teateret, fortel ho.

Foto frå PechaKucha-føredraget til Vanja Kristine H. Nilsen og Mathilde Jordåen Molvik.

Finst det ein betre hobby?

Det kan vere utfordrande å halde på med teater, å stadig vekk stå på ei scene framfor eit stort publikum, å tore å sleppe seg laus og ta kontroll over rollefiguren sin, og stole på dei andre på scena. Men Vanja og Mathilde er ikkje i tvil om at det likevel er verdt det.

– Du får vere kreativ og du får skapa noko magisk med kjekke folk. Finst der ein betre hobby? spør Vanja og ser lurt bort på Mathilde.

Dersom ein spør dei to er svaret heilt klart:

– Nei! seier Mathilde utan å nøle.

Sjå kor scenetekke dei to teaterveteranane hadde då dei heldt føredrag på Stord: 

Video: Salman Chaudhry og Thea Auestad, medielinja ved Stord vidaregåande skule