Teater mellom blokkene i Groruddalen

Det er opningskveld for Det Norske Teatret si nye «satelittscene» i Groruddalen, Rommen Scene, og ikkje eitt av dei to hundre setane i salen står tomt.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«En gang Romsåsgutt», syng Don Martin frå scena. «ALLTID ROMSÅSGUTT», rungar det tilbake frå publikum i den fullsette teatersalen.

Rapparane Don Martin, Castro, og Fela vaks opp i blokkene på Romsås i Groruddalen. I januar 2018 vart «Blokk til blokk» vist for første gong på Det Norske Teatret. Ei forteljing frå oppveksten til dei tre gutane. «Ei konsertframsyning om å komme dit du er, ikkje på grunn av, men trass i» står det på nettstaden til teateret.

Dei starta på den minste scena på teateret i sentrum. Der vart det utseld. Dei vart flytta til scene 2. Der vart det utseld. Så stod dei på hovudscena. Det er den første førestillinga som nokon gong har fylt alle scenene på Det Norske Teatret.

I «Blokk til blokk» blir vi òg fortalt om tunge hendingar i liva til rapparane. På bildet: Jonathan Castro og Don Martin. Foto: Beate Haugtrø

Når teateret no har utvida lokale til Rommen Scene på Romsås, er Blokk til blokk første førestilling på scena, og tilbake i Groruddalen, der handlinga går føre seg.

Dei tek oss med på reisa frå livet som drabantbygutar til landskjente rapartistar. Dei viser kontrasten mellom storsamfunnet, politikarane og riksmedia sitt utanforståande blikk på heimstaden deira, og deira heilt personlege opplevingar. Kontrasten er stor.

Sjølv om dei har stått på scena med oppsettinga tallause gongar, er det ein heilt spesiell kveld for trioen, som for første gong skal vise Blokk til blokk på staden der dei vaks opp.

– Eg har sånne premierenervar. Som om vi ikkje har spelt det før, seier Fela i eit liveintervju rett før dei går inn i salen.

Hadde lenge hatt Groruddalen i tankane

Det Norske Teatret hadde i nokre år hatt ein idé om ei satelittscene, og hadde lenge hatt Groruddalen i tankane. Da dei fekk løyva ein halv million til å opprette ei satelittscene, så var det kort veg frå tanke til handling.

– Her vi er no i sentrum, det bular ut. Det er veldig mykje aktivitet, og så å seie fullt på det meste vi gjer. Vi trong meir plass, og kor ville det vore interessant å ha ei anna scene? Rett over gata eller ein annan plass i byen?, seier Anders Hasmo.

Saman med Belinda Braza og hiphopfestivalen SPKRBOX ved Cici Henriksen og Hedda Sandvig, er han i den kunstneriske styringsgruppa for Det Norske Teatret si satsing på Rommen Scene.

Anders Hasmo, Hedda Sandvig og Cicci Henriksen er i den kunsteriske styringsgruppa for Det Norske Teatret si avdeling på Rommen Scene. Foto: Beate Haugtrø

Anders Hasmo, Hedda Sandvig og Cici Henriksen er i den kunsteriske styringsgruppa for Det Norske Teatret si avdeling på Rommen Scene. Foto: Beate Haugtrø

– Når det i haust vart mørkare og mørkare skriverier om Groruddalen i avisene, så vart det fullare og fullare på Blokk til blokk her på huset, seier Hasmo.

– Teatersjef Erik Ulfsby tenkte «er det ikkje no vi berre skal kline til og etablere ei ny scene?». Da vi fekk ein halv million av departementet, så vart det mogleg å sette i verk.

I Groruddalen eksisterte det allereie ei scene med alt det tekniske og all infrastruktur på plass, og med tanke på at det ikkje er mogleg å bygge eit heilt nytt teater for ein halv million, var det naturleg å snakke med Rommen Scene.

– Vi kunne få mykje ut av lite fordi vi har ein stor teaterorganisasjon allereie, seier Hasmo.

– Boblar over av sterke krefter

– Kven er scena tenkt for?

– Ungdom er sjølvsagt ein viktig del av målgruppa, og det har vore mykje fokus på ungdom no i oppstarten. Men vi håper òg det vil gjere det lettare for dei eldre, når vi lager ein teaterfilial i Groruddalen.

Tante Ulrikkes veg blir den første oppsettinga som er laga for scena, med ei handling som utspelar seg i ei gate ein kan sjå frå teateret.

– Da er det også eit mål at heile Oslo reiser opp til Groruddalen og ser kor fint og flott det er der, seier Hasmo.

Han trekker fram at eit anna aspekt med å plassere satelittscena i Groruddalen, er at det finst kulturuttrykk i Groruddalen som ein ikkje finn i sentrum av byen, som dei vil ha nytte av å knytte seg til.

– Groruddalen boblar over av sterke krefter som vi vil samarbeide med, og vi er også glade for at Den Mangfaldige Scene, der Det Norske Teatret er ein av eigarane, også har starta opp med aktivitet her.

Hip hop crew og gamle damer

I publikum høyrer du stadige «hoiii» og «brrrrap». I salen sit alt frå unge hip hop crew, til gamle damer. Det har vore eit sprang i alder på publikummarane under alle førestillingane til Don Martin, Castro, og Fela.

–  Det har vore tenåringar, kids og 50-åringar som går på teater til vanleg, men òg 90-årige damer som har sete på første rad. Ei aldersgruppe som ikkje vanlegvis kjem på konsertane våre, seier Don Martin til Framtida.no.

Heilt i slutten av opningsførestillinga, tok rapparen Nalband over scena. Foto: Beate Haugtrø

–  Kva trur de ei scene her kan gi som ei i sentrum ikkje kan?

–  Ein av tinga vi håper å få fram, er lokale historier, nye historier, og andre ting ein ikkje får på scena i byen. Og vi ønsker å få lokale folk til å komme på førestillingane, seier Don Martin.

–  Kven er den nye scena for?

–  Den er for alle, svarer han kontant.

–  Er det lettare å nå ut til unge på Rommen scene enn nede i byen?

–  Det får vi sjå på no. Vi håper å tiltrekke oss fleire her som ikkje går på Det Norske Teatret, seier Jonathan Castro.

–  Ikkje berre teater for eliten

På opningskvelden er det samla både politikarar, folk frå teatermiljøet og frå lokalmiljøet.

Både leiar av bydelsutvalet i bydelen Stovner, Rashid Nawas, leiar ved Rommen Kultursenter, Erik Aldner, teatersjefen på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, og kulturministeren er på plass for å feire den nye scena.

Eit lite sekund før scena offisielt er opna. F.v. teatersjef Erik Ulfsby, gutane frå hiphopgruppa GRT, og Hip Hop 101, og kulturminister Trine Skei Grande. Foto: Beate Haugtrø

– Det her er viktig. Det her er meg rett i hjartet. Vi vil ikkje berre vere eit teater midt i sentrum for dama med blått hår, eller for eliten som gir oss bra terningkast, men vi vil nå fleire, seier Trine Skei Grande frå scena.

Konferansieren for opninga, og kulturministeren får selskap av dei unge hip hop crewa GRT og Hip Hop 101. Det raude bandet blir strekt ut, og ein av dei unge rapparane får æra av å klippe det. Med det er scena opna.

– Om det er no’n som snakker ny norsk så er det oss, mann

– Det Norske Teateret skal fremje nynorsk. Og det er heilt klart ein samanheng mellom nynorsk og ny norsk, seier Erik Ulfsby frå scena før førestillinga.

Don Martin har òg ei klar meining om dette, og seier under førestillinga:

– Vi vant en Spellemannspris, men det va’kke det folk kommenterte. «Han er norsk, men snakkar likevel gebrokkent», sa de. Om det er no’n som snakker ny norsk så er det oss, mann.

  –  Det tar litt kahunas å lage teater her, seier Adonis frå GRT. F.v. Umut Erkmen, Nana Atakorah, Markus Ferdinand (GRiNGO9), og Benjamin Eldristad(Adonis) i hiphop-crewet GRT. Foto: Beate Haugtrø

Dei unge hiphop-crewa er blant dei som står for stemninga under opninga av teateret.

Dei syng med på songane i førestillinga, og ein kan høyre bekreftande «oi-ing» når dei kjenner seg igjen i historia. 

– Det er viktig at denne scena her opna. Det er ikkje så mange som reiser heilt inn til sentrum for å gå på teater, men kanskje fleire reiser no, seier GRiNGO9 frå hip hop-crewet GRT til Framtida.no. 

Det er ein viktig kveld for mange som er til stades i Groruddalen. Det er det også for Don Martin:

– Blokk til blokk kjem heim i dag, seier han.