Løysinga til Mailis og Anne gjer det lettare å drive gjenbruk

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen blei først publisert i Møre-Nytt!

– Målet er å dempe overforbruket av klede, som er eit stort problem for miljøet og tekstilarbeidarar, seier Mailis Najdorf og Anne Jotun.

Løysinga samlar bruktbutikkar, arrangement og vedlikehandstips i ein brukarvennleg app.

Appen er utvikla som ein del av ei bacheloroppgåve i studiet for Industriell Design ved Høgskolen i Østfold.

– Vi lever i eit bruk-og-kast samfunn, der mange veit lite om konsekvensane ved eige forbruk. I dette prosjektet blir det designa ei løysing for å auke gjenbruk av klede, med fokus på å motivere til å danne berekraftige klesvanar. Dette inneber å forlenge levetida til kleda, og velje gjenbruk framfor forbruk, seier dei to studentane.

Dei to meiner det i dag er for vanskeleg å handle bruke klede.

– Brukarar som ynskjer å leve miljøvennleg må gjennom mykje besvær for å finne brukte klede. Ein stor del av grunnen er tilgjengelegheit. Loppemarknad, klesbyting og liknande går mange glipp av, eller får det ikkje med seg før det er for seint. Mange vel å kaste klede som har fått hol, fordi dei ikkje veit korleis det kan reparerast, seier Mailis Najdorf og Anne Jotun.

Appen kan mellom anna vise nærmaste butikk for gjenbrukshandel. Foto: Mailis Najdorf

Difor har dei utvikla ein app som samlar bruktmarknader i nærleiken, og samstundes kjem med inspirerande vedlikehaldstips som kan gjere det enklare å velje gjenbruk.

– Gjennom prosjektet har vi innsett kor viktig det er å redusere klesforbruket vårt, og kor naudsynt det er å nå ut med denne bodskapen, seier dei to studentane.

Prosjektet vert gjennomført med Østfoldforskning som oppdragsgjevar. Appen er ikkje kommersialisert enno.

– Vi har designa grensesnittet, og vi treng å samarbeide med programmerarar for å kome vidare. Men det kan godt hende at det vert vidareført, seier Mailis Najdorf.

Løysinga vert stilt ut på EXPO på Høgskolen i Østfold i Fredrikstad 17. – 18. juni.

LES OGSÅ: Sel brukte klede: – Me har eit stort forbrukt – det er heilt ekstremt!