H&M Loves Music – men ikkje arbeidarar


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den 1. juni er det duka for ein musikalsk festdag i Oslo. Den 28. utgåva av Musikkfest vil bestå av 400 konsertar fordelt på 50 scener.

Dette er dagen der du kan finne alt i frå heilt nye band, det kulaste frå undergrunnen og store artistar som Arif.

Og som Sunnmøring, jublar eg ekstra høgt over at absolutt alt er gratis!

Det er ein dag eg ser veldig fram til, og eg skal kose meg stort.

Konsert med bismak

Men som den kritiske typen eg er, har eg også no klart å finne noko som gir ein litt vond bismak. Eg syns også mine kollegaer i musikkbransjen burde tenke litt over det.

I år, som dei siste sju åra, skal Vulkan huse ein del artistar. Det er utan tvil den scena med størst artistar. Namn som Arif, Sløtface og Ruben prydar plakaten. Og det er jo veldig kult at ein kan oppleve desse artistane på Musikkfest, ikkje misforstå meg.

H&M er eit ganske fælt selskap som ikkje vil betale arbeidarane sine løn som gjer at dei kan leve gode liv

Det som er mindre kult, er at Hennes & Mauritz står som medarrangør av dette kalaset.

Kvifor? Fordi H&M er eit ganske fælt selskap som ikkje vil betale arbeidarane sine løn som gjer at dei kan leve gode liv. Til tross for at dei i 2013 lova at 850 000 arbeidarar skulle få levelønn i utgangen av 2018. Det har dei ikkje innfridd på.

Du kan lese meir om akkurat det hjå Framtiden i våre hender.

Musikk framfor levelønn

I staden for å bruke pengar på å betale arbeidarane som lagar kleda dei sel, så legg dei altså pengar i tapsarrangement på ein idealistisk musikkdag i Oslo.

Eg går ut ifrå at summen dei taper på denne dagen står oppført i rekneskapet som marknadsføring og at det er bevisst marknadsstrategi for å reinvaske namnet sitt og dekke over all negativ PR dei får.

Det kan godt vere at dei elskar musikk. Men eit så stort selskap, som neglisjerer menneskerettar i andre delar av verda, har ikkje for vane å legge masse pengar i prosjekt utan gevinst. Derfor er det kanskje litt naivt å tenke at dei gjer dette berre fordi dei syns det er gøy.

Oppmodar til å støtta arbeidarane

Men dette er ikkje ei oppfordring til boikott.

Eg syns eigentleg at alle som speler der og alle vi som skal vere der som tilskodarar, skal reise dit og kose oss.

Kult om vi er litt bevisst på kva H&M faktisk gjer og står for

Men det hadde vore litt kult om vi er litt bevisst på kva H&M faktisk gjer og står for. Ekstra kult hadde det vore om nokon av artistane ville sei nokon ord om at H&M burde sett litt på løna til arbeidarane sine. Kanskje du Arif kunne gjort det? Eller Sløtface? Det hadde i alle fall vore veldig rått.

Kanskje Vulkan, som rommar dette arrangementet også kunne stilt litt krav?

Ikkje minst alle de influensarane som står på betalingsrullen til H&M den dagen.

Fokus på menneskerettar

Det eg vil fram til er at eg syns vi burde bruke denne sjansen til å rette fokus mot det H&M bruker store ressursar for å dekke over. På den måten bruker vi arrangementet til det motsette av det H&M vil. Samtidig sender kultur og musikkbransjen eit signal om at vi ikkje ønsker å vere assosiert med eit selskap som ikkje tek menneskerettar på alvor.

Til slutt vil eg ønske lykke til, til alle som skal spele og til alle arrangørar den dagen.

Eg gler meg stort!