Hennes & Mauritz stuper på ny omdømmeliste

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hennes & Mauritz’ (H&M) omdømme har falle med seks poeng sidan i fjor, ifølgje kommunikasjonsbyrået Apeland og Reputation Institutes årlege omdømmeundersøking. No ligg kleskjeda i botnsjiktet saman med blant anna Bunnpris, McDonald’s og Ryanair. Det skriv Dagens Næringsliv.

– Hennes & Mauritz får negative kommentarar på nesten alle område i denne undersøkinga. Kommentarane omfattar alt frå dårleg arbeidsmiljø til usunt kroppspress og mangel på etikk. Sjølv om dei fleste kjenner merkevara, og det er låg pris, så er folk opptatt av at verksemder oppfører seg skikkeleg. Der sviktar H&M, seier kommunikasjonssjefen i Apeland, Ole Christian Apeland.

Fekk kritikk for å vere rasistisk

H&Ms norske kommunikasjonssjef, Kristin Fjeld, er lei seg over resultata og meiner omdømmefallet i hovudsak kjem av at undersøkinga vart gjort i ein tidsperiode då kjeda fekk kritikk for å vere rasistisk. Ein sosiale medium-storm oppstod då H&M brukte ein mørkhuda gut ikledd ein hettegenser med trykket «kulaste apa i jungelen» i januar.

Sjokoladeprodusenten Freia ligg øvst på lista før første gong, etterfølgt av finn.no og Hurtigruten.

 Les også: Spar miljøet, lommeboka og samvitet – byt klede