Dei nye rallarane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arkitektstudentane som har danna kontoret Rallar arkitekter er straks ferdig med fire av dei fem åra på mastergraden sin ved NTNU. Sjølv om dei ikkje er ferdig utdanna har dei allereie fått sett opp fleire byggverk, som har fått mykje merksemd.

Det har vore både avisoppslag og omtale i Arkitektur N, Noregs fremste arkitekturtidsskrift.  

LES OGSÅ: Vann arkitektpris for flytande bydel

Kommuneekspriment
No er ein ny trekonstruksjon i ferd med å ta form. Denne gong med Trondheim kommune som oppdragsgjevar.

– Utgangspunktet er at det skal vere ein trekonferanse i Trondheim i september, difor har me fått lov av kommunen å laga noko eksperimentelt, forklarar arkitektstudent John Haddal Mork.

Saman med Andreas Gunleiksrud i Rallar arkitekter har han sidan februar arbeidd med ein bryggekonstruksjon som skal verte eit utkikkspunkt over Nidelva. No er materialet på plass og denne veka starta bygginga for fullt. Planen er å vere ferdig 18. juni.

Fleire av dei andre rallarane er no på utveksling, men nokon er heime og held produksjonen oppe.

LES OGSÅ: Kreativ problemløysar

Naust og stove
Den nye rallarhistoria byrja med eit naust i tre og pleksiglas heime hjå tanta og onkelen til John på Haddal i sunnmørskommunen Ulstein. Seks studentar samarbeidde om teikningane, som 21 studentar sette opp i fjøra sommaren 2012.

Etter dette vart Anders intervjua i Rjukan Arbeiderblad der han etterlyste spanande praksisprosjekt og ein oppdragsgjevar som kunne stå for materiala. Kommunen meldte si interesse, noko som resulterte i Torgstova på Rjukan, som vart omtalt i Arkitektur N.

Det var då dei skulle i gong med dette prosjektet at dei seks studentane fann ut at dei skulle kalla seg Rallar arkitekter.

Med tre av seks nynorskbrukarar i gjengen har Rallar arkitekter valt å profilere seg på nynorsk. John meiner at dette gjer at dei skil seg ut i mengda på ein positiv måte når det mellom ann kjem til å skaffe sponsorar. For det er ikkje akkurat noko utbytte å hente frå prosjekta enno.

Saka fortset under biletet.


Torgstova på Rjukan har fått mykje merksemd. Foto: Rallar arkitekter

Villa Urke
Etter dette har John Haddal Mork hatt eit eige prosjekt med eit minimalistisk påbygg hjå kundar heime i Ulsteinvik. Villa Urke er sett opp i betong og tre, og er kanskje det næraste eit prosjekt eit etablert arkitektkontor kunne teke.

Likevel trur ikkje arkitektstudenten at dei tek jobbar frå etablerte kontor med arbeidet sitt.

– Me tek oppdrag som ikkje passar for profesjonelle arkitektar, men som er perfekt for oss studentar. Det ligg i sjiktet mellom ingenting og det som er lønsamt. Ein kan nesten ikkje byrje med operaen, det hadde vorte for stort og skummelt, forklarar John, som vonar Trondheim kommune vil fortsetje å bruke studentane som ressurs.

– Det har ein ekstrem læringsverdi å møte dei ein skal bygge for. Reglane og dei faktiske forholda på ein byggjeplass er noko ein ikkje får med seg på teiknesal, seier John, som trur slike praktiske prosjekt gjev dei god verklegheitsforståing, og legg til:

– Prosjektet vert gjerne til ut ifrå avgrensingane, og det er då kreativiteten vert bra. På teiknesalen kan ein sjå vekk ifrå alt, til og med tyngdekrafta. Medan ein ute må ta inn alle ting, som HMS. Ein får eit tenkesett som er meir reelt. Eg trur det er viktig å ha balansen mellom det visjonære og verkelege.

Likevel trur han ikkje det er så lurt å møte alle dei praktiske avgrensingane frå første studieår.

Saka fortset under biletet. 


Soverommet i påbygget med namn Villa Urke. Foto: Rallar arkitekter

Mykje praksis
Fagsjef i Norske Arkitekters Landsforbund (NAL) Tor Inge Hjemdal har ikkje direkte kjennskap til Rallar Arkitekter, men fortel at han har høyrt om arbeidet deira.

– Det å ikkje berre ha kunnskap om korleis ein skal prosjektere bygg, men og korleis ein byggjer er heilt uvurderlig, seier Hjemdal, som meiner at det er bra at studentane byggjer, så lenge dei held seg til forskriftene. 

NAL arbeider i desse dagar i samarbeid med skulane og organisasjonen Arkitektbedriftene om å få meir praksis inn i utdanninga.

Arkitekturstudiet ved NTNU i Trondheim har krav om at elevane sjølv skal skaffa seg og gjennomføra minst sju av i alt 12 vekers praksis på ein byggjeplass. Difor er det heller ikkje vanskeleg å skaffe arbeidskraft til slike prosjekt.

Medan dei to første studentprosjekta har føregått ved sida av skulen, og gått ut over svevn og fritid. Har dei to studentane fått implementert bryggekonstruksjonen i skulearbeidet, noko som betyr at dei har fått god hjelp av profesjonelle rettleiarar. I tillegg har dei fått hjelp frå ingeniørar frå SINTEF.

John ser gjerne at det kjem på plass ei ordning der skulen i større grad rettleiar dei mange studentprosjekta.

Treverk
Det kan verke som om den norske arkitekturen er på veg tilbake til røtene. Tre er ikkje lenger eit materiale som berre vert brukt til einebustadar, stabbur, kyrkjer og naust. Helen & Hard Arkitekter vann Treprisen i fjor for biblioteket i Vennesla – eit stort praktbygg i tre.

At alle prosjekta til Rallar, med unnatak av soloprosjektet Villa Urke har bestått hovudsakleg av tre, kjem ikkje eine og åleine av estetikken. For sjølv om dei tykkjer at tre er eit fint materiale, så er det òg det mest praktiske når ufaglærte skal ut å byggje. Betong vert for tidkrevjande og vanskeleg, medan stål er heilt utelukka.

Så kva er den beste tilbakemeldinga ein kan få på byggverk som ein først har grubla over i lang tid, før ein har sveitta seg gjennom byggjeprosessen?

– Med naustet kom faren i familien til meg på seinsommaren og sa at: «Eg var ute på vika og då var naustet nesten heilt usynleg.» Det var tanken vår at det gamle naustet på garden skulle vere synleg, medan det nye skulle vere meir lågmelt og gråfarga. Det er kjekt når dei som skal bruke det på eigenhand opplever desse kvalitetane me har prøvd å få til, avsluttar John.

Sjå film frå arbeidet med Torgstova under.

Opplevelsen Rjukan from Andreas Bakken Smedås on Vimeo.