Røe Isaksen vil ha ny gjennomgang av ytringsfridommen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv han i ein kronikk i Klassekampen.

Isaksen peikar på problematiske trekk ved at store, private selskap som Facebook og Google kontrollerer og regulerer kva vi kan seie, kva vi får sjå på nett og kva for informasjon som blir gjort tilgjengeleg i søk.

Les også: – Facebook og Google manipulerer til å dele personleg informasjon

Facebook bestemmer, ikkje norsk lov

– Det er ikkje ei kampsak for meg at folk skal få vise pupp på Facebook, men det er eit veldig illustrerande døme på at det er Facebook som avgjer kva som kan publiserast, og ikkje norsk lov, seier han.

No ber Isaksen om ein ny og oppdatert ytringsfridomskommisjon.

Han understrekar at mykje har endra seg sidan professor Francis Sejersted leidde ein gjennomgang av vilkåra for ytringsfridommen i Noreg for snart tjue år sidan. Då var målet å endre Grunnlovas paragraf 100 om ytringsfridom og retten til tilgang til offentleg informasjon.

Les også meiningsinnlegget som spør: Ytringsfridom for alle, unntatt nokre få?

Ein trugsel for demokratiet

Statsråden er vidare bekymra for at netthets og trolling kan påverke det demokratiske ordskiftet.

– Summen av hets og trakassering som nokre samfunnsdebattantar møter, sjølv om kvar enkelt ytring kanskje er innanfor lova, vil vere eit reelt hinder for å delta i samfunnsdebatten.

Leiaren av tenketanken Agenda, Trygve Svensson, bad om det same tidlegare i år. Han fekk då støtte frå Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Les også artikkelserien der ungdomspolitikarane svarar på spørsmål som: Kva har hendt med norsk debattkultur?