Surfarar demonstrerte mot Equinor-planar
Denne veka skal Equinor behandla eit aksjonærforslag frå WWF og Greenpeace som meiner oljeboring i nye område ikkje er i aksjeeigarane si langsiktige interesse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Under slagordet «Fight for the bight» samla ei gruppe surfarar seg i vatnet framfor Operahuset i Oslo søndag 12. mai.
The Great Australian Bight Alliance organiserer motstand mot Equinor sine planar om å leite etter olje i Australbukta. Dei fryktar store konsekvensar for sårbar natur og dyreliv.
Søndagens Paddle Out Oslo vart arrangert i samarbeid med mellom andre Greenpeace Norge, Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, Nordic Surfers Magazine og klesmerket Patagonia.
Les også: Storstreik for klima i Australia – elevar krev stans i planar om kjempekolgruve
Planlegg oljeleiting i 2020/2021
Equinor har overtatt leitelisensar etter at både Chevron og BP trakk seg ut. I mars fortalte Teknisk Ukeblad at 15 australske kystkommunar har vedteke at dei vil ha oljegiganten ut av Australbukta og rår australske myndigheiter til å gjere det same.
Equinor planlegg å starte å bore etter olje og gass i Australbukta ved årsskiftet 2020/2021, men først må selskapet få godkjent miljøplanen sin av det australske petroleumstilsynet NOPSEMA.
I februar i år la Equinor ut eit 52 siders samandrag av miljøplanen den 1500 sider lange planen på sine nettsider.
WWF: – Heng ikkje på greip
Onsdag 15. mai skal Equinor ha generalforsamling. Der skal dei behandla eit aksjonærforslag sendt inn av WWF og Greenpeace, som meiner at selskapets planar om oljeboring i heilt nye område, umodne område og område med høg økologisk verdi og sårbarheit, ikkje er i aksjeeigarane si langsiktige interesse.
Senior klima- og energirådgjevar i WWF Verdens naturfond, Ragnhild Waagaard, seier i ei pressemelding at det er god grunn for motstanden mot utvinningsplanane.
– Ein stad må me setje grensa for Equinor. Medan verdas forskarar skriv med store bokstavar om klimakrise og naturkollaps, så går selskapet inn i urørte og sårbare område for å utvinne meir olje og gass. Det heng ikkje på greip, seier Waagaard.
Les også: Fredag 24. mai vert det ny nasjonal skulestreik for klimaet
Klesprodusent mot olje
Klesmerket Patagonia brukar slagordet «Big Oil Don’t Surf» og har engasjert seg i kampen for å verna Australbukta mot oljeutvinning og industrielle oppdrettsanlegg.
I samband med søndagens aksjon vart den Patagonia-produserte diskusjonsfilmen Never Town vist på Salt.